Herbert Wimmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herbert Wimmer
Herbert Wimmer 1972.jpg
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 9. november 1944
Eupen
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Herbert Wimmer (fødd 9. november 1944) er ein tysk tidlegare fotballspelar som var fødd i Eupen i dåverande Tyskland, i dag i Belgia. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1972 og verdsmeister 1974. Wimmer, som var offensiv midtbanespelar, vann elles fem bundesligatitlar og UEFA-cupen 1975 med Borussia Mönchengladbach i tida 1970-77.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

21 år gammal gjekk Wimmer i 1966 frå amatørlaget Borussia Brand til Borussia Mönchengladbach, ein klubb som i 1965 hadde rykt opp i bundesligaen. Trenaren Hennes Weisweiler var då i ferd med å byggje opp eit mannskap som skulle stå i fremste rekke i vesttysk klubbfotball i 1970-åra. Våren 1970 sikra Mönchengladbach seg sin fyrste ligatittel, ein prestasjon laget gjentok året etter. I mai 1973 tapte Wimmer og Borussia UEFA-cupfinalen mot Liverpool FC. Ein månad seinare gav Wimmer Borussia leiinga i den vesttyske cupfinalen som enda med med Borussia-siger 2-1 over FC Köln. I 1975 tok Borussia seg til finalen i UEFA-cupfinalen på ny. Etter ein mållaus kamp på heimebane mot Twente, rundspelte Borussia det nederlandske laget på borterbane og vann 5-1. Åra 1975-77 tok Mönchengladbach tre rake ligapokalar. Våren 1977 tapte Borussia finalen i europacupen mot Liverpool FC, ein kamp der Wimmer gjekk ut med skade midtvegs i fyrste omgang.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Wimmer deltok i 36 landskampar for Vest-Tyskland i tida frå hausten 1968 til EM-finalen 1976. I EM-finalen 1972 i Brussel skåra han det andre målet då Vest-Tyskland slo Sovjetunionen 3-0, hans fyrste av i alt fire landslagsmål. Under verdsmeisterskapen 1974 på heimebane deltok Wimmer i to kampar, sist i mellomrunda mot Jugoslavia. I sin siste landskamp, EM-finalen 1976 mot Tsjekkoslovakia som Vest-Tyskland tapte etter straffeskyting, vart han bytta ut allereie i pausen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1974 for Vest-Tyskland
  • Europameister: 1972 for Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1976 for Vest-Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach
  • Vesttysk seriemeister: 1970, 1971, 1975, 1976, 1977 med Borussia Mönchengladbach
  • DFB-pokalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach
  • Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach

Kjelder[endre | endre wikiteksten]