UEFA-cupfinalen i fotball 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1983 stod mellom belgiske RSC Anderlecht frå Brussel og portugisiske Benfica frå Lisboa og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 4. mai på Heysel-stadion i Brussel framfor 52 694 tilskodarar, returkampen 18. mai på Estádio da Luz i Lisboa med 80 000 på tribunane. Anderlecht vann pokalen med 2 mål mot 1.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Heime i Brussel vart dansken Kenneth Brylle matchvinnar då han skåra kampens einaste mål i det 29. minutt.

I Lisboa gav Shéu Han heimelaget leiinga i det 32. minutt. Allereie seks minuttar seinare utlikna spanske Juan Lozano for det belgiske laget, eit mål som sikra sigeren til Anderlecht.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane i Brussel, Anderlecht i kvitt

Vinnarlaget til Anderlecht bestod av: Jacky Munaron, Wim Hofkens, Luka Peruzović, Morten Olsen, Michel De Groote, Per Frimann, Frank Vercauteren (kaptein), Ludo Coeck, Erwin Vandenbergh, Kenneth Brylle, Juan Lozano, Walter De Greef, Hugo Broos, Alexandre Czerniatynski.

Benfica mønstra: Manuel Bento, Minervino Pietra, Humberto Coelho (kaptein), António Bastos Lopes, António Veloso, Carlos Manuel, Glenn Strömberg, Shéu Han, Fernando Chalana, Nené Batista, Diamantino Miranda, Frederico Rosa, Álvaro Magalhães, José Luís Silva, Zoran Filipović, João Alves.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Bogdan Dotsjev frå Bulgaria dømde kampen i Brussel, i Lisboa var Charles Corver frå Nederland kampleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]