UEFA-cupfinalen i fotball 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1984 stod mellom tittelforsvarar RSC Anderlecht frå Brussel og Tottenham Hotspur frå London og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 9. mai på Constant Vanden Stock stadion i Brussel framfor 40 000 tilskodarar, returkampen 23. mai på White Hart Lane i London med 46 205 på tribunane. Etter to 1-1-kampar tilfall pokalen Tottenham gjennom 4 mot tre mål i straffeskyting.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

I Brussel gav midtstopparen Paul Miller gjestene leiinga i det 57. minutt. Vel fem minuttar før full tid utlikna ein annan midtstoppar, dansken Morten Olsen, til 1-1 for heimelaget.

Også i London tok gjestelaget føringa, med di Alexandre Czerniatynski skåra då kampen var ein time gammal. Seks minuttar før ordinær tid var ute, utlikna Graham Roberts for heimelaget. Ekstraomgangane vart mållause. I den påfylgjande straffeskytinga fann fire av Tottenham-eksekutørane nettet, mot tre fulltreffarar frå Anderlecht-spelarane.

Lagoppsttillingane i London. Tottenham i kvitt

Laga[endre | endre wikiteksten]

Tottenham sitt vinnarlag bestod av Tony Parks, Danny Thomas, Graham Roberts, Paul Miller, Chris Hughton, Gary A. Stevens, Gary Mabbutt, Micky Hazard, Tony Galvin, Mark Falco, Steve Archibald, Steve Perrymann, Osvaldo Ardiles, Ally Dick.

Anderlecht-mannskapet omfatta Jacky Munaron, Wim Hofkens, Morten Olsen, Georges Grün, Michel De Groote, Walter De Greef, René Vandereycken, Enzo Scifo, Frank Vercauteren (kaptein), Erwin Vandenbergh, Kenneth Brylle, Alexandre Czerniatynski, Frank Arnesen, Arnór Guðjohnsen

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Bruno Galler frå Sveits dømde kampen i Brussel, Volker Roth frå Vest-Tyskland var kampleiar i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]