Valentina Tikhomirova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valentina Tikhomirova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 28. juni 1941 (82 år)
Makhatsjkala
Yrke hekkeløpar, femkjemper
Språk russisk
Høgd 173 centimeter

Valentina Nikolajevna Tikhomirova, fødd Lomkina, (fødd 28. juni 1941) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Makhatsjkala i Dagestan i dåverande Sovjetunionen, no til dags i Russland. Ho vart europameister i femkamp i 1966.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tikhomirova vart nummer tre i femkampen ved Sovjet-meisterskapen 1966. Sidan dei to andre medaljevinnarane, Irina Press og Tatjana Sjtsjelkanova, boikotta EM i friidrett 1966 i protest mot kjønnstesting, låg vegen meir open for Tikhomirova. Etter eit tett oppgjer med vesttyske Heide Rosendahl vann ho gullmedaljen med 4 787 poeng, 22 fleire enn Rosendahl.

Tikhomirova vart sovjetmeister i femkamp i 1967, 1969 og 1972. Både under Sommar-OL 1968 og friidretts-EM 1969 enda ho på fjerdeplassen i femkamp, medan ho i EM i friidrett 1971 og ved sommarleikane 1972 vart nummer fem.

Sin beste femkamp presterte Tikomirova i 1971-sesongen med 5 234 poeng etter dåverande poengtabell.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]