Varslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Varslar

Status i verda: LC Livskraftig

Varslar med spidda smågnagarFoto: Marek Szczepanek
Varslar med spidda smågnagar
Foto: Marek Szczepanek

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Laniidae
Slekt: Lanius
Art: L. excubitor
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Lanius excubitor

Varslar (Lanius excubitor) er ein fugl i varslarfamilien som har sirkumpolar utbreiingden nordlege halvkula.

Varslaregg

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein vaksen varslar er ein middels stor sporvefugl, omtrent like stor som ein stor trast, han måler typisk 24 til 25 centimeter og veg vanlegvis rundt 60 til 70 gram, ekstreme verdiar ligg i området 48 til 81 gram.[1]

Varslarar er overvegande kvite med perlegrå rygg, hette og nakke, ei djup svart maske strekkjer seg frå nebbet gjennom auget til øyredekkarane med ei tynn kvit augebrynstripe over. Stjerten er svart med kvit rand, oversida av vengene svarte med eit breitt, kvitt band. Det er skildra 8 ulike underartar og dei varierer litt i farger med ein tendens til mørkare fjørdrakt i Asia og Nord-Amerika. Nebbet er stor og nedbøygd på spissen og farga nesten svart, men bleik på basis av dei under kjeven. Beina og føtene er gråsvarte.

Leveområde i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Arten hekkar i høgareliggande opne barskogar og myrskogar frå Agder til Finnmark. På Vestlandet frå Stavanger til Stadlandet hekkar fuglen sjeldan. Varslaren er også fåtalig rundt Oslofjorden, og i dei tre nordlegaste fylka hekkar fuglen avgrensa til dei indre traktene. Varslaren hekkar ikkje i tett skog. Sjølv om han aldri er spesielt talrik er han ein karakterfugl i halvopne myrfuruskogar med krokete og spreidde tre. Fuglen hekkar også i reine bjørkeskogar. På Austlandet nyttar fuglen også hogstflater med spredde frøtre som hekkebiotop. Vinterstid nyttar varslaren område som gir rike vilkår for jakt på smågnagarar og småfuglar. Beitemarkar i kulturlandskapet, samt buskland kring våtmarkar og fuktenger er truleg dei beste vinterområda for varslaren i Skandinavia. Den norske hekkebestanden av varslar ligg truleg mellom 5000 og 10000 par. Talet på overvintrande varslarer i Noreg er truleg mindre enn 1000.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Varslaren bygg eit høvesvis stort reir av kvistar og strå i ein busk eller eit tre. Reiret vert fora med fine strå og fjør. I mai-juni legg hoa 4-7 egg, som ho for det meste rugar sjølv. Ungane vert mata av begge foreldra, og flyg frå reiret etter 19-20 dagar.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Varslaren lever som rovfugl og tek byttedyra på marka. Firfisler, smågnagarar og store insekt er viktigaste byttedyra. Fuglen sit oppe i eit tre og speidar etter bytte.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Generelt trekker varslarar til eit belte sør for hekkeområdet. Varslaren krev snøberre område slik at han har lett tilgang på smågnagarar. I Noreg finst overvintrande varslarar vanleg frå Rogaland til Østfold. Dei fleste varslarane dreg frå landet til vinteren, og ein store del av dei norske fuglane dreg til Storbritannia.

Storleiken på den globale populasjonen er estimert til å ligge i området 3,1-24 millionar individ. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Solheim, R. 1994: Varslar Lanius excubitor. S. 436 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu.
Referansar
  1. Yosef, R., International Shrike Working Group & Christie, D.A. (2016) Northern Shrike (Lanius excubitor) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. desember 2016
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Lanius excubitor. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. desember 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Varslar