Veksaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Veksaren» eller «Veksarslåtten» er ein kjend norsk vandreslått som er nytta i mange tradisjonsområde innanfor hardingfelemusikken. Dette er ein tvibeitslått med fast oppbygde vek, meir eller mindre storfelt i forma. Slåtten går under mange namn, «Vesle-Dekken» i Hallingdal, eller «Juvsrunningen» i Numedal. Namnet «Veksaren» er nytta i Valdres. I Telemark er slåtten og kjend som «Spelemannsprøva». Slåtten har vore spela av Gudbrand Skjellerud, som sytte for at han vart spreidd opp gjennom Hallingdal. Det er og skrive ned ein variant etter Johan Kleven (ikkje teken med her).

I Valdres byrjar tradisjonslina for slåtten med Ulrik Jensestogun, i Hallingdal med Gudbrand Skjellerud.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

I hardingfeleverket har gruppa nr 519 (ni variantar). Seks av desse byrjar med "tvibeitveket" på grannstrengen (kvinten) Dette kan ein kalle "Valdres-opninga". To av formene byrjar på kvarten (etter Sevat Sataøen og Johannes Dale), og ei form byrjar på grovstrengene (Juvsrunningen).

  • a: Sandbekkens minne, etter Hellik Ranvik frå Flesberg. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Utydeleg opptak gjorde transkripsjonen vanskeleg. Slåtten byrjar på same måte som Veksarlåtten frå Valdres (form etter Ulrik Jensestogun).
  • b: Juvsrunningen, etter Halvor Kaasin, Nore. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Kaasin hadde slåtten frå Steingrim Haukjem. Namnet skal skrive seg frå spelemannen Halvor Solum frå Juvsrunningen i Eggedal, som for til Amerika i 1886. Haukjem kalla og slåtten Sandbekkens minne. Eivind Groven skreiv ned slåtten under dette namnet. Denne forma skil seg ut med ei noko annan melodisk utforming enn dei hine formene. Varianten byrjar på grunntonen.
  • f: Ein tå veksaro, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Forma er etter Ola Fystro. Bolstad meinte Fystro hadde laga det siste veket i slåtten. Dette er ikkje med i nedskrifta etter Fystro sjølv.
  • g: Springar, etter Ånund Tveiten, Lårdal. Nedskrift Eivind Groven (G 440). Melodiføringa skil seg noko ut.
  • i: Liten Vritestubb, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1387). I 1898 var Haugerud innlagd på Tonsåsen Sanatorium, og der fekk han slåtten frå ein Valdres-spelemann. Haugerud lærte slåtten snøgt vidare av di han var lett å hugse. Med tida gjekk Haugerud lei av slåtten av di han vart så populær, og bygde han om slik at han vart meir vrang å hugse. Difor vart slåtten heitande «Vritestubb» (Vanskeleg stubb).