Hopp til innhald

Verdscupen i skiskyting 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 1987 tok til 17. desember 1986 og vart avslutta 15. mars 1987. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i seks 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Borovets i Bulgaria, Antholz i Italia, Ruhpolding i Vest-Tyskland, Canmore i Canada og Lillehammer i Noreg.

Frank-Peter Roetsch frå Aust-Tyskland gjekk til topps i turneringa for tredje gong. På andreplass kom Fritz Fischer frå Vest-Tyskland, medan Jan Matouš frå Tsjekkoslovakia vart nummer 3. Fritz Fischer og Sovjetunionens Valerij Medvetsev og Aleksandr Popov sigra alle tre i to enkelttevlingar.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank-Peter Roetsch  Aust-Tyskland 188 1
2 Fritz Fischer  Vest-Tyskland 183 2
3 Jan Matouš  Tsjekkoslovakia 166 1
4 Valerij Medvetsev  Sovjetunionen 163 2
5 Aleksandr Popov  Sovjetunionen 154 2
6 André Sehmisch  Aust-Tyskland 152
7 Matthias Jacob  Aust-Tyskland 144 1
8 Eirik Kvalfoss  Noreg 142
9 Ernst Reiter  Vest-Tyskland 140
10 Dmitrij Vasiljev  Sovjetunionen 131
11 Tapio Piipponen  Finland 127
12 Anatolij Sjdanovitsj  Sovjetunionen 123
13 Gisle Fenne  Noreg 115
14 Jurij Kasjkarov  Sovjetunionen 110 1
15 Alfred Eder  Austerrike 101
16 Georg Fischer  Aust-Tyskland 99
17 Herbert Fritzenwenger  Vest-Tyskland 84
18 Vladimir Velitsjkov  Bulgaria 78
19 Jiří Holubec  Tsjekkoslovakia 68
20 Frode Løberg  Noreg 69
21 Peter Angerer  Vest-Tyskland 66 1
22 Josh Thomson  USA 63
23 Andrej Senkov  Sovjetunionen 62 1
24 Franz Schuler  Austerrike 58
25 Zdeněk Hák  Tsjekkoslovakia 57

Kjelder[endre | endre wikiteksten]