Fritz Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fritz Fischer
Fritz Fischer (2012).jpg
Fødd 22. september 1956
Kelheim
Yrke skiskyttar
Fritz Fischer på Commons

Fritz Fischer, eigenleg Friedrich Fischer, (fødd 22. september 1956) er ein tysk, tidlegare skiskyttar frå Kelheim i Bayern. Over eit tidsrom på 13 sesongar, 1981-93, vann han internasjonalt ein individuell bronsemedalje, sju stafettmedaljar og to medaljar i lagøvinga. Fischer vann VM-gull i stafett 1991, OL-gull i same i 1992, samt VM-gull i lagøving i 1993. I 1988 gjekk han helt til topps i verdscupen i skiskyting.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vesttyskaren Fischer hevda seg mellom verdas beste skiskyttar frå 1981-sesongen. Saman med mellom andre Peter Angerer syrgde han då for vesttysk sølvmedalje på VM-stafetten. Gjennom 1980-talet gjekk Angerer tredjeetappen og Fischer fjerdetappen på alle stafettevlingane fram til og med 1988-sesongen, då Angerer la opp som skiskyttar. Dei to fekk då med seg OL-bronse i 1984, VM-bronse 1985 og 1987, samt OL-sølv 1988, med mange ulike lagkameratar.

Ein femteplass på 20 km under VM 1981 var Fischer sitt beste enkeltresultat før 1989. Under VM 1989 i Feistritz sikra han seg den einaste individuelle VM-medaljen i karrieren, men vart klart slått av vossingane Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne, som ordna norsk dobbeltriumf. I same meisterskapen vart ei ny tevling, ei lagøving, teken med på VM-programmet. Her tok Vest-Tyskland, med Fritz Fischer på laget, sølvmedaljen.

Samlinga av Tyskland i 1990 slo svært heldig ut for Fischer. Sidan fekk han gå på lag saman med austtyskarar som Ricco Gross, Frank Luck, Mark Kirchner, noko som bidrog til at han vann sine fyrste gullmedaljar i sesongane 1991-93. Han vart i 1991 verdsmeister og 1992 olympisk meister i stafett, og runda det heile av med av verte verdsmeister på lagøvinga i 1993, alle dei tre andre på laget kom frå det avvikla DDR.

Fischer la opp som skiskyttar i 1993. Gjennom sine år som aktiv vann han ti renn i verdscupen i skiskyting, særleg dyktig var han i 1988-sesongen, då han vann heile turneringa.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar