Via Maris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Via Maris (rosa), kongevegen (raud), og andre handelsruter i Levanten kring 1300 fvt.
Jezreeldalen med Via Maris i framgrunnen.

Via Maris er det moderne namnet på ei handelsrute tidleg i bronsealderen og antikken, mellom Egypt og dei nordlege rika i Syria, Anatolia og Mesopotamia — dagens Iran, Irak, Israel, Tyrkia og Syria. Det tidlegare namnet var Filistinarvegen som synte til at vegen gjekk over Filistinarsletta (som i dag består av den sørlege israelske kystsletta og Gazastripa). Frå Filistinarsletta går vegen vidare nordover gjennom Sharon. Ved Dor (nær dagens Hadera) går vegen i to greiner - eine langs kysten av Middelhavet og den andre følgjer innlandsruta gjennom Megiddo, Jezreeldalen, Galileasjøen og Dan.

«Via Maris» er latinsk og tyder Sjøvegen. Namnet kjem frå eit vers i Det nye testamentet, Matteus 4:15:

Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea.

I lag med Kongevegen var Via Maris ein av dei store handelsrutene mellom Egypt og Levanten, Anatolia og Mesopotamia. Via Maris var kryssa av andre handelsruter, slik at ein kunne reise frå Afrika til Europa, eller frå Asia til Afrika. Han byrja ved al-Qantara og gjekk austover til Pelusium, følgde nordkysten av Sinai gjennom el-Arish og Rafah. Frå der følgde han kysten av Kanaan gjennom Gaza, Ashkelon, Ashdod, Joppa og Dor før han gjekk austover igjen gjennom Megiddo og Jezreeldalen før han nådde Tiberias ved Galileasjøen. Igjen svinga han nordover langs breidda og gjennom Migdal, Capernaum og Hazor. Frå Hazor kryssa han den nordlege Jordanelva ved Jacobs døtrer-brua før han gjekk bratt opp over Golanhøgdene og så nordaust til Damaskus. Her kunne reisande halde fram på Kongevegen så langt som til Eufrat eller halde fram nordover til Anatolia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]