Rafah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rafah
رفح, רָפִיחַ
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Rafah guvernement
Koordinatar 31°17′19″N 34°15′07″E / 31.28861°N 34.25194°E / 31.28861; 34.25194
Folketal 71 003  (2006)[1]
Borgarmeister Sa'ad Zoarub
Kart
Rafah
31°17′19″N 34°15′07″E / 31.288611111111°N 34.251944444444°E / 31.288611111111; 34.251944444444
Wikimedia Commons: Rafah

Rafah (arabisk رفح, Rafaḥ, hebraisk רָפִיחַ, Rafiaḥ) er ein palestinsk by sør på Gazastripa. Han ligg kring 30 km sør for Gaza og hadde 71 003 innbyggjarar i 2006[1], ein stor del av dette palestinske flyktningar. Rafah-leiren og Tall as-Sultan-leiren dannar separate busetnader. Rafah er distriktshovudstad i Rafah guvernement. Yasser Arafat internasjonale lufthamn, den einaste flyplassen i Gaza, ligg like sør for byen. Flyplassen var i drift frå 1998 til 2001, då han vart bomba og jamna med jorda av Det israelske forsvaret (IDF) etter at Hamas hadde teke livet av israelske soldatar. Rafah ligg ved Rafah-overgangen, som er den viktigaste grenseovergangen mellom Gazastripa og Egypt.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Gjennom åra har han blitt kalla Robihwa av dei gamle egyptarane, Rafihu av assyrarane, Ῥαφία, Rhafia[2] av grekarane, Raphia av romarane, רפיח Raphiaḥ av israelittane og Rafh av det arabiske kalifatet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

Rafah har ei historie som strekkjer seg fleire tusen år attende. Han vart først registrert på ein inskripsjon av den egyptiske faraoen Seti I, frå 1303 fvt. som Rph, og som den første stoppestaden under felttoget til farao Shoshenq I i Levanten i 925 fvt. I 720 fvt. var han åstad for sigeren til den assyriske kongen Sargon II over egyptarane, og i 217 fvt. vart slaget ved Raphia utkjempa mellom den sigrande Ptolemaios IV og Antiokhos III.[3]

Byen vart erobra av Alexander Yannai og halden av hashmonearane fram tilh an vart bygd opp att under Pompeius og Gabinius. Rafah er nemnt av Strabon (16, 2, 31), Antonine-skildringa, og er avbilda på Madabakartet.[3]

Det var eit jødisk samfunn i byen på 800- og 900-talet og igjen på 1100-talet, men på 1000-talet var det i nedgang og 1080 flytta mange til Ashkelon. Det var òg eit samaritansk samfunn der ein periode. Som dei fleste byane sør i Palestina, hadde Rafah ei hamn ved kysten (no Tell Rafah), medan hovudbyen låg litt innafor. Under Austromarriket var han eit bispesete.[3]

Arabarar og mamelukkar[endre | endre wikiteksten]

Rafah var ein viktig handelsby tidleg i arabisk tid, og ein av byane som vart erobra av Rashidunarmeen under general 'Amr ibn al-'As i 635 evt.[4] Under omajadane og abbasidane var Rafah den sørlegaste byen i Jund Filastin (Palestina-distriktet). I følgje den arabiske geografen al‑Ya'qubi, var han den siste byen i provinen Syria på vegen frå Ramla til Egypt.[5]

I 1226 skreiv den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi at Rafah tidlegare var viktig for arabarane, og sa at han var «ein gamal, velståande by, med ein marknad, og ein moské, og herberge». Han skreiv vidare at han i dag var ein ruin og ein poststasjon for ajjubidane på vegen til Egypt etter den nærliggande Deir al‑Balah.[5]

Osmansk og egyptisk tid[endre | endre wikiteksten]

Osmanske lister på 1500-talet syner at det då var ein liten landsby med 16 skattebetalarar.

I 1799 passerte revlousjonshæren til Frankrike, kommandert av Napoleon Bonaparte, gjennom Rafah under invasjonen av Egypt og Syria.[6]

Rafah låg på grensa mellom provinsane Egypt og Syria. I 1832 kom området under egyptisk okkupasjon, leia av Muhammad Ali, og varte fram til 1840.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1917 erobra den britiske hæren Rafah, og nytta han som base for åtaket mot Gaza. Då militærbasen deira vart oppretta, førte dei økonomiske fordelane til at folk byrja å flytte attende hit, og i 1922 hadde han 600 innbyggjarar. I 1948 hadde dette stige til 2 500.

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart det oppretta flyktningleirar. I krigen i 1956 med Israel, Storbritannia, Frankrike og Egypt, vart 111 menneske, inkludert 103 flyktningar, drepne av det israelske forsvaret i den palestinsk flyktningleiren i Rafah, under Rafah-massakren. Dei sameinte nasjonane klarte ikkje å finne omstenda til desse drapa.[7][8]

Den norske FN-soldaten Anbjørn Ingolf Gjedrem frå Bjerkreim vart drepen berre 20 år gamal av bajonettstikk 15. desember 1957 av ukjende inntrengjarar i Rafah-leiren, der han tenestegjorde for DANOR III-bataljonen til UNEF.[9]FN-dagen i 1994 vart ein minnebauta for Gjedrem avduka i FN-parkenVikeså i Bjerkreim. Han var den første norske FN-soldaten som omkom i teneste.[10]

Under seksdagarskrigen i 1967, erobra Det israelske forsvaret Rafah i lag med Sinaihalvøya og Gazastripa. Folketalet var då kring 55 000, men berre 11 000 budde i sjølve Rafah.

Sommaren 1971, øydela det israelske forsvaret, under general Ariel Sharon kring 500 hus i Rafah flyktningleir for å skape patruljevegar for dei israelske styrkane. Dette tvang nesten 4000 innbyggjarar til å flytte.[11] Israel oppretta bustadprosjekta Brasil og Canada for å huse dei forflytta palestinarane, og for å gje dei betre tilhøve i håp om å integrere flyktningane med den generelle folkesetnaden og betre levestandarden deira.[12] Brasil ligg like sør for Rafah, medan Canada låg like nord for grensa i Sinai. Begge fekk desse namna fordi fredsbevarande styrkar frå SN frå desse landa hadde hatt forlegning her. Etter Camp David-avtalane i 1978, måtte innbyggjarane i Canada flytte attende til Gazastripa, til Tel al-Sultan, nordvest for Rafah.[13]

Med Camp David-avtalane, trekte Israel seg attende frå Sinaihalvøya og Rafah vart delt, med ein del på den egyptiske sida av grensa under egyptisk styre. For å takle delinga av byen, oppretta smuglarar tunnelar under grensa, slik at dei kunne frakte smuglarvarer og personar mellom dei to delane av byen.[14]

Rafah-overgangen[endre | endre wikiteksten]

Rafah-overgangen er den viktigaste grenseovergangen mellom Gazastripa og Egypt. Tidlegare vart han driven av israelske militærstyrkar, før Den palestinske sjølvstyresmakta tok over kontrollen i september 2005, då Israel trekte seg ut av Gazastripa. EU byrja samstundes å overvake overgangen etter israelarane var uroa for tryggleiken. På den egyptiske sida har 750 grensevakter ansvaret for grensa, etter ein avtale mellom Egypt og Israel.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Rafah har eit varmt halvtørt klima (BSh).[15][16]

Vêrdata for Rafiah på Gazastripa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 17,4 18,1 20,5 23 25,8 28,3 29,6 30,5 29,1 27,6 23,8 19,4 24,4
Døgnmiddeltemperatur °C 12,9 13,6 15,6 18,1 20,9 23,6 25,2 26 24,7 22,6 18,7 14,8 19,7
Gjennomsnittleg min °C 8,4 9,1 10,8 13,3 16,1 19 20,9 21,6 20,3 17,6 13,7 10,2 15,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 48 36 27 6 4 0 0 0 0 8 39 53 221
Kjelde: Climate-Data.org (altitude: 45m)[15]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 PCBS [palestinsk Central Bureau of Statisctics (PCBS) Projected Mid-Year Population for Rafah guvernement by Locality 2004-2006]
  2. Polybii Historiae [5,80].
  3. 3,0 3,1 3,2 Raphia - (Rafah) Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem.
  4. al‑Biladhuri sitert i le Strange, 1890, s. xix. Al-Biladhuri lists the cities captured by Amr ibn al-'As as Ghazzah (Gaza), Sebastiya (Sebastia), Nabulus, Amwas (Imwas), Kaisariyya (Cæsarea), Yibna, Ludd (Lydda), Rafh (Rafah), Bayt Jibrin, og Yaffa (Jaffa).
  5. 5,0 5,1 le Strange, 1890, s.517.
  6. Dwyer, Philip, Napoleon - The Path To Power 1769-1799, 2007, s.415.
  7. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. desember 2014, henta 29. september 2015 
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. oktober 2017, henta 29. september 2015 
  9. Stavanger Aftenblad 1957.12.23. Stavanger, Rogaland, Noreg. 23.12.1957. s. 1 og 10. 
  10. Ingeborg Eliassen (29.05.2006). «Tjeneste setter spor» (på norsk). Stavanger Aftenblad. Henta 31.03.2020. 
  11. UN Doc Arkivert 2007-02-12 ved Wayback Machine. A/8389 of 5. oktober 1971 (h).
  12. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. september 2006, henta 29. september 2015 
  13. Human Rights Watch. Razing Rafah: Mass Home Demolitions i Gazastripa. oktober 2004.
  14. About Rafah Arkivert 2009-01-30 ved Wayback Machine. Rafah Today.
  15. 15,0 15,1 «Climate: Rafiah - Climate graph, Temperatur graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 5. september 2015. 
  16. «Climate: Rafah - Climate graph, Temperatur graph, Climate table». Climate-Data.org. Arkivert frå originalen 23. februar 2014. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]