Hadera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hadera
חֲדֵרָה
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°27′N 34°55′E
Areal 53 km²
Folketal 91 634  (2013)[1]
Grunnlagd 1890
 - Bystatus 1952
Borgarmeister Zvika Gendelman
Kart
Hadera
32°27′0″ N 34°55′0″ E
Wikimedia Commons: Hadera

Hadera (hebraisk skrift חֲדֵרָה) er ein by i Haifa distrikt nord i Israel kring 45 kilometer frå storbyane Tel Aviv og Haifa. Byen ligg langs 7 km av Den israelske kystsletta ved Middelhavet. Byen hadde 91 634 innbyggjarar i 2013, der immigrantar som har kome til etter 1990, særleg frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen, utgjer ein stor del.[1]

Hadera vart grunnlagd i 1891 som ein gardskoloni av medlemmar frå sionistgruppa Hovevei Zion. Nybyggjarane kom frå Litauen og Latvia. I 1948 vart han eit regionssenter med eit folketal på 11 800. I 1952 fekk Hadera bystatus og dekkte eit areal på 53 kvadratkilometer.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Jødisk skule i Hadera i 1931
Den store synagoga i Hadera.

Hadera vart grunnlagd i 1891, i dei første åra av den moderne sionismen, av jødiske immigrantar frå Litauen og Latvia på landområde kjøpt av Yehoshua Hankin.[2][3] Landområdet vart kjøpt av ein kristen effendi, Selim Khuri. Dette var det største landkjøpet i Eretz Israel av ei sionistgruppe, sjølv om landområdet var av låg kvalitet og hovudsakleg myrland. Dei einaste innbyggjarane her før kjøpet var få familiar som dreiv med avl av vassbøflar og selde siv.[4] Byen fekk namnet sitt frå det arabiske ordet khadra, som tyder «grøn» og synte til graset som dekte myrane der byen var bygd.[3]

Dei første nybyggjarane budde i eit hus kalla Khan nær hovudsynagoga i Hadera.[5] I starten var Hadera berre ein einsleg utpost med ti familiar og fire vaktar. Dei første åra hadde dei problem med eigartilhøva for landområdet etter at dei drenerte myrane med hjelp av egyptiske arbeidarar som vart sende til dei av baron Edmond de Rothschild.[6]

Gamle gravsteinar på den lokale gravlunden syner at av 540 innbyggjarar, døydde 210 av malaria.[7] Forholdet mellom innbyggjarane i Hadera og beduinane i området var dårleg, og HaShomer-organisasjonen fekk i oppdrag å vakte over markene. Tidleg på 1900-talet hadde byen vorte eit regionssenter.[2] Strid om landområdet vart løyst i 1930-åra, og folketalet i byen var vokse til 2 002 i 1931.[3][4] Gratis skulegang vart innført i byen i 1937.[8]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Hadera voks dramatisk etter sjølvstendet til Israel i 1948, då immigrantar strøymde til landet. Av immigrantane til byen var russarar og andre europeiske immigrantar, i tillegg til 40 jemenittiske familiar.[7] I 1964 fekk Hadera bystatus,[2] og i 1953 var det første papirfabrikken i Israel opna i byen. Fabrikken vart finansiert med støtte frå investorar i Israel, i tillegg til frå USA, Brasil og Australia, og var bygd for å møte behovet i heile Israel.[9] På denne tida vart òg bydelen Givat Olga bygd ved kysten, og Beit Eliezer aust for byen.[2]

Frå 1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Byen voks enno raskare i 1990-åra, då mange russarar og etiopiarar kom til byen.[2][3] Hadera, som vart rekna som ein trygg stad for innbyggjarar, vart råka av fleire terrorhandlignar, mellom anna ein massakre på seks sivile under ein Bat Mitzvah[10] og ein sjølvmordsbombar som sprengde seg sjølv ved ein falafelkiosk den 26. oktober 2005, og tok livet av sju sivile,[11][12] medan 55 vart skadde, fem av dei alvorleg.[13] I tillegg vart fire sivile drepne då ein terrorist skaut på fotgjengarar ved ein busstopp den 28. oktober 2001.[14] Etter bygginga av den nærliggande Vestbreidda-sperringa har desse terroråtaka vorte langt færre. Den 4. august 2006 vart Hadera råka av tre rakettar sende av Hizbollah. Hadera ligg 80 km sør for den libanesiske grensa og er den staden lengst inne i Israel som Hizbollah klarte å nå.[15]

Hadera har tradisjonelt vore ei bakevje. I 2000-åra vart det sett i gang fleire prosjekt for å betre levevilkåra i Hadera. Sentrum av byen vart fornya og det vart oppretta ein høgteknologipark og det største avsaltingsanlegget i verda.[2][16] I tillegg har byen sakte, men sikkert trekt til seg fleire huskjøparar. Kring 18 000 nye hus er planlagt bygd, mellom anna 2 500 villaer og 1 300 luksusleilegheiter ved kysten. I samband med dette skal 2,5 km av kysten utviklast. Det er planlagt å bygge ein stor park og fleire kjøpesenter. Ti nye hotell med i alt 1 800 rom er òg planlagt, med ønske om å gjere staden til eit turistsenter med strender og kort veg til Galilea.[17]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hadera kommune

Hadera ligg på Den israelske kystsletta, 45 km nord for Tel Aviv.[18] Byen dekkjr eit område på 53 kvadratkilometer og han er den fjerde største byen i landet etter areal. Nahal Hadera-parken, ein eukalyptusskog som dekkjer 1,3 kvadratkilometer, og Hasharonparken, ligg begge i utkanten av Hadera.[2]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Hadera ligg langs to av hovudjernbanelinjene i Israel: Kystlinja og frakteruta Austbanen. Jernbanestasjonen ligg vest for byen. Sentrum i Hadera ligg nær to av hovudvegane til Israel mellom nord og sør, Hovudveg 2, mellom Tel Aviv og Haifa, og Hovudveg 4.[2] Dette gjer at Hadera er eit viktig kryss for all busstransport langs kysten.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Skorsteinar i Orot Rabin

Hadera vart eit viktig økonomisk senter då den første papirfabrikken i Israel vart oppretta her i 1953. Hadera Paper er framleis eit av dei største føretaka i byen. I desember 2009 vart det største avsaltingsanlegget av sitt slag bygd i byen,[19] like ved kommunegrensa.[2] Kraftverket Orot Rabin ligg i Israel.[20]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Hadera i oktober 2013 91 634 innbyggjarar, med ein årleg vekstrate på 1,2 %.[1]I 2003 var folketettleiken i byen 1 516,6 per km2.[21] Kring 23 407 innbyggjarar i byen er immigrantar, mange frå Etiopia.[21]

Hadera har vokse jamt sidan 1948, då byen hadde eit folketal på 11 800. I 1955 var folketalet nesten dobla til 22 500. I 1961 steig det til 25 600, i 1972 til 32 200, og i 1983 var folketalet 38 700.[21]

Gjennomsnittsalderen i Hadera er 32,8.[22]

I 2001 var 99,2 % av innbyggjarane jødiske og andre ikkje-arabarar, og det var ikkje noko signifikant arabisk folkesetnad.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Technoda vitskaps- og teknologisenter
Hillel Yaffe medisinske senter

I 2001 var det 15 622 studentar ved 45 skular (24 grunnskular og 21 vidaregåande skular).

Den demokratiske skulen i Hadera, som opna i 1987, var den første i sitt slag i Israel. Technoda, eit utdanningssenter for vitskap og teknologi med eit moderne teleskop og planetarium, ligg i nabolaget Givat Olga.[23]

Nabolag[endre | endre wikiteksten]

Av nabolag i Hadera finn ein Givat Olga,[24] Beit Eliezer, Kfar Brandeis, Haotzar, Hephzibah, Neve Haim, Nissan, Ephraim, Bilu, Nahaliel, Shimshon, Shlomo, Pe'er, Bialik, Beitar og Parken.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Det finst fire fotballag i Hadera: Hapoel Hadera, F.C. Givat Olga (begge i Liga Alef Nord), Beitar Hadera (i Liga Gimel Shomron) og kvinnelaget Maccabi Kishronot Hadera (i Ligat Nashim Rishona).

I basketball speler kvinnelaget Maccabi Hadera på andre nivå i Israel, medan herrelaget Maccabi Hadera spelar på tredje nivå.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Hadera er venskapsby med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hadera» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 1,2 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 30. mars 2015. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 «New Urbanism, Israeli Style». Haaretz. Henta 28. november 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Hadera». Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 21. november 2008. Henta 30. mars 2015. 
  4. 4,0 4,1 Avneri, Aryeh L. (1984). The Claim of Dispossession: Jewish Land-Settlement and the Arabs, 1878-1948. Transaction Publishers. s. 93. ISBN 0-87855-964-7. Henta 30. mars 2015. 
  5. Jacobs, Daniel; Eber, Shirley; Silvani, Fransesca (1998). Israel and the palestinske Territories: The Rough Guide. Rough Guides. ISBN 1-85828-248-9. Henta 30. mars 2015. 
  6. Gilbert, Martin (1998). Israel, a Historie. Morrow. s. 9. ISBN 0-688-12362-7. 
  7. 7,0 7,1 Winter, Dave (1999). Israel Handbook. Footprint Travel Guides. s. 532. ISBN 1-900949-48-2. Henta 30. mars 2015. 
  8. Sternhell, Zeev (1999). The Founding Myths of Israel: Nationalism, Socialism, and the Making of the Jewish State. Princeton University Press. s. 255. ISBN 0-691-00967-8. Henta 30. mars 2015. 
  9. «First Paper Mill Opened i Israel; Plant at Hadera is Expected to Help Nation Cut Currency Gap $1 000,000 a Year». New York Times. 18. desember 1953. Henta 30. mars 2015. 
  10. Bat mitzvah massacre i Israel leaves seven dead, Phil Reeves, 18 January 2002
  11. «Larissa Grishchenko». GxMSDev. 
  12. «Woman injured in Hadera terror attack dies 4 years later». ynet. 
  13. «Suicide bomber rocks Hadera market». Haaretz.com. 27 October 2005. 
  14. Victims of palestinske Violence and Terrorism since September 2000
  15. «For first time: Hizbullah targets Hadera area». Ynet News. 4. august 2006. Henta 30. mars 2015. 
  16. Rabinovitch, Ari. «Israel opens largest desalination plant of its kind». Reuters. Arkivert frå originalen 31. oktober 2012. Henta 30. mars 2015. 
  17. No Longer a Backwater, Hadera Plans Big Push - Inside Israel - News - Israel National News
  18. «Telfed takes on next target: Hadera». Haaretz.com. 1 May 2009. 
  19. Rinat, Zafrir (2. april 2008). «Where will the water go? - Haaretz Daily Newspaper | Israel News». Haaretz.com. Henta 30. mars 2015. 
  20. Paz, Shelly (1. mars 2007). «Greenpeace protests at Hadera power plant | Israel | Jerusalem Post». Jpost.com. Henta 30. mars 2015. 
  21. 21,0 21,1 21,2 «Population and Density per Km² in Localities Numbering Above 5 000 Residents» (PDF). 55th Statistical Yearbook. Israelsk statistisk sentralbyrå. 2003. Henta 30. mars 2015. 
  22. «Statistical Abstract of Israel 2008». Israelsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 18. desember 2008. Henta 29. november 2008. 
  23. «NJ Jewish News on-line - Reach for the stars». njjewishnews.com. Arkivert frå originalen 23. desember 2012. Henta 30. mars 2015. 
  24. «Women on the Map - Olga Hankin». women.org.il. Arkivert frå originalen 25. april 2017. Henta 30. mars 2015. 
  25. «Charlotte Sister Cities Worldwide - Hadera». Henta 30. mars 2015. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]