Waterfront av Simple Minds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Waterfront
Singel av Simple Minds
frå albumet Sparkle in the Rain
Utgjeve 4. november 1983
Innspelt September 1983[1]
Sjanger
Lengd 4:40
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar)
Produsent Steve Lillywhite
Simple Minds-kronologi
«I Travel» (andre utgjeving)
(1983)
Waterfront «Speed Your Love to Me»
(1984)


«Waterfront» er ein song av Simple Minds, og den første singelen frå albumet Sparkle in the Rain i 1983. Han har ei basslinje som består av same noten (D) gjennom heile songen. Versjonen som kom ut på 7"-singelen er forskjellig frå versjonar som finst på CD. Den originale singelen hadde ikkje den repeterande basslinja som går inn i hovuddelen av songen, men ei nedteljing på trommene av Mel Gaynor.

Med ein ny og meir rocka stil gjekk «Waterfront» inn på listene i forskjellige land og toppa lista i New Zealand i to veker i februar 1984. Han nådde òg 13. plassen på UK Singles Charts, 16. plassen i Sverige, 19. plassen i Australia, og femteplassen i Irland.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel

  1. «Waterfront» (Single Version) – 4:40
  2. «Hunter & The Hunted» (Konsertopptak frå the City Hall, Newcastle, 20.11.82.) – 6:00

12"-singel

  • VS636 (12)
  1. «Waterfront» (Extended Version) – 5:50
  2. «Hunter & The Hunted» (Konsertopptak frå the City Hall, Newcastle, 20.11.82.) – 6:00

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983–1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 19
Irland (IRMA)[3] 5
New Zealand (RIANZ)[4] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[5] 16
UK Singles (Official Charts Company)[6] 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]