Acoustic av Simple Minds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Acoustic
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 11. november 2016
Studio Gorbals Studio i Glasgow i Skottland
Sjanger Akustisk
Selskap Caroline International
Produsent Gavin Goldberg, Simple Minds, Andy Wright
Simple Minds-kronologi 
Big Music
(2014)
Acoustic Walk Between Worlds
(2018)


Singlar frå Acoustic
  1. «Promised You a Miracle»
    Utgjeve: 28. september 2016

Acoustic er det 17. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut på 11. november 2016 av Caroline International.[1] Albumet består av akustiske studioinnspelingar av songar dei tidlegare hadde gjevne ut og fekk middels kritikk.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet for Acoustic kan sporast attende til eit opptak bandet spelte inn for BBC Radio Two-programmet Chris Evans Breakfast Show den 26. september 2014 i samband med markandsføringa av det førre albumet deira, Big Music. Bandet vart overraska over den særs positive reaksjonen på dei akustiske opptaka.[3]

Den akustiske versjonen av «Promised You a Miracle», med den skotske songaren og låtskrivaren KT Tunstall, kom ut 28. september 2016.[4]

Albumet debuterte på 16. plassen på UK Albums Chart, etter å ha selt 10 000 eksemplar den første veka. Dette vart det 14. albumet til Simple Minds som nådde topp 20.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk blanda kritikk. Timothy Monger i AllMusic skreiv at bandet «mangla høvet til å dramatisk snu opp ned på repertoaret sitt».[6] Andy Gill i The Independent meinte det var «ein velkomen vårreingjering» og noterte seg ein påverknad frå visemusikk.[7] David Quantick skreiv for magasinet Classic Rock, og skildra albumet som «eit rart album, som prøver å homogenisere den stadig endrande stilen til Simple Minds» men konkluderte med at det var «ei konsistent samling», og meinte at versjonen deira av Richard Hawley-songen «Long Black Train» var «gripande effektiv».[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The American»4:30
2.«Promised You a Miracle» (med KT Tunstall)4:35
3.«Glittering Prize»4:07
4.«See the Lights»4:58
5.«New Gold Dream (81-82-83-84)»4:58
6.«Someone Somewhere in Summertime»4:40
7.«Waterfront»5:16
8.«Sanctify Yourself»4:59
9.«Chelsea Girl»4:28
10.«Alive and Kicking»5:53
11.«Don't You (Forget About Me)»5:16
12.«Long Black Train»4:36
Bonusspor på dobbel-LP-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Stand by Love» 
14.«Speed Your Love to Me» 
15.«Light Travels» 

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2016) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[9] 12
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[10] 11
Nederlandske album (MegaCharts)[11] 27
Franske album (SNEP)[12] 122
Tyske album (Offizielle Top 100)[13] 39
Irske album (IRMA)[14] 61
Italienske album (FIMI)[15] 31
Portugisiske album (AFP)[16] 43
Skotske album (OCC)[17] 8
Spanske album (PROMUSICAE)[18] 72
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[19] 33
Britiske album (OCC)[20] 16

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[21] Sølv 60 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Acoustic – 2016». simpleminds.com. 28. september 2016. Henta 6. september 2020. [daud lenkje]
  2. Simple Minds Acoustic by Simple Minds, henta 12. september 2020 [daud lenkje]
  3. «Dream Giver Redux – news 2014». Dream Giver Redux (www.simpleminds.org). 2014. Henta 12. september 2020. 
  4. «Simple Minds Acoustic Released 11th Nov». Simple Minds Ltd. 28. september 2016. Henta 12. september 2020. [daud lenkje]
  5. Jones, Alan. «Official Charts Analysis: Olly Murs fifth album debuts at No.1». Music Week. Henta 12. september 2020. 
  6. Monger, Timothy. «Acoustic - Simple Minds | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 12. september 2020. 
  7. Gill, Andy (9. november 2016). «Platemeldingar: Emeli Sandé, Sting, Alicia Keys, Simple Minds». The Independent (på engelsk). Henta 12. september 2020. 
  8. Quantick, David (24. oktober 2016). «Simple Minds - Acoustic album review». Classic Rock (på engelsk). Henta 12. september 2020. [daud lenkje]
  9. "Simple Minds – Acoustic" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  10. "Simple Minds – Acoustic" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  11. "Simple Minds – Acoustic". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  12. "Simple Minds – Acoustic". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  13. "Offiziellecharts.de – Simple Minds – Acoustic" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 12. september 2020.
  14. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 12. september 2020.
  15. «Album – Classifica settimanale WK 46 (dal 2016-11-11 al 2016-11-17)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 12. september 2020. 
  16. "Simple Minds – Acoustic". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 30. november 2016.
  17. "2016-11-18 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 12. september 2020.
  18. «TOP 100 ALBUMES — SEMANA 46: del 11.11.2016 al 17.11.2016» (på spansk). Productores de Música de España. Henta 24. november 2016. 
  19. "Simple Minds – Acoustic". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 23. november 2016.
  20. "2016-11-18 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 12. september 2020.
  21. «British album salstrofé – Simple Minds – Acoustic». British Phonographic Industry. Henta 28. mars 2020.  Enter Acoustic in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go