Once Upon a Time av Simple Minds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Once Upon a Time
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 21. oktober 1985
Studio The Town House
Sjanger
Lengd 40:12
Selskap
Produsent
Simple Minds-kronologi
Sparkle in the Rain
(1984)
Once Upon a Time Street Fighting Years
(1989)


Once Upon a Time er det sjuande studioalbumet til det skotske poprockbandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 1985 på Virgin (A&M i USA).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Produsenten på albumet var Jimmy Iovine, som hadde arbeidd med artistar som gjerne hadde ein aggressiv, gitarbasert stil, som Bruce Springsteen og Stevie Nicks, og han tok med seg denne tilnærminga til bandet. Iovine pressa særleg frontmannen Jim Kerr mot ein meir energisk vokal.[1]

Sjølv om dei alt var suksessrike i heimlandet og forskjellige land i Europa og Oseania, var Simple Minds berre nyleg blitt populære i USA, hovudsakleg på grunn av songen «Don't You (Forget About Me)», skriven av Keith Forsey og Steve Schiff. Denne songen var på filmmusikkalbumet til The Breakfast Club og gjekk til topps på singellista i USA. Men bandet tok med vilje ikkje denne songen med på albumet fordi dei hadde vore motvillige til å spele han inn. Likevel vart den bombastiske poprock-stilen på denne songen tonegjevande for mykje av Once Upon a Time, særskild den arena-venlege singelen «Alive and Kicking». Once Upon a Time har òg somme likskapar med det førre studioalbumet deira, Sparkle in the Rain, som utforska ein liknande stil.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
The Great Rock Discography8/10[3]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Record Collector4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[6]
The Village VoiceB−[7]

Albumet kom ut 21. oktober 1985 og toppa albumlista i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA, der det låg fem veker på rad.

Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet: «Alive and Kicking» (Storbritannia nr. 7, USA nr. 3), «All the Things She Said» (Storbritannia nr. 9, USA nr. 28), «Sanctify Yourself» (Storbritannia nr. 10, USA nr. 14) og «Ghost Dancing» (Storbritannia nr. 13).

Kritikaren MacKenzie Wilson roste seinare albumet for AllMusic og skreiv at det gav lyttarane ein «rå energi og solide komposisjonar, som dei ikkje heilt klarte å oppnå på dei tidlegare albuma sine.» Han likte særskild singlane «Alive and Kicking» og «Sanctify Yourself.»[1]

Once Upon a Time kom ut med to forskjellige omslag då det kom ut første gongen. Det alternativet omslaget nyttar baksida som framsida og motsett. Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2002 og 2003. Det kom òg ut på SACD i 2003. I 2005 gav Virgin ut albumet på nytt i ei DVD-Audio-utgåve. Alle songane vart då miksa i 5.1-kringlyd, og så miksa ned til 2.0-stereo for å vere kompatibel med musikkanlegg som ikkje hadde kringlyd. I dei fleste tilfelle er spora på denne nye miksen noko lengre enn på originalen. I 2012 kom ei ny utgjeving av albumet i ein plateboks med fem plater, kalla 5 Album Set. 4. desember 2015 vart fleire format av albumet gjeve ut i ei luksus- og superluksusutgåve i ein plateboks med fem CD-plater og ein DVD.

I 2013 vart «All the Things She Said» nytta på ein av radiostasjonane i videospelet Grand Theft Auto V.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jim Kerr, Charlie Burchill, and Mick MacNeil[8], utanom der andre er nemnde..

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Once Upon a Time»5:45
2.«All the Things She Said»4:15
3.«Ghost Dancing»4:45
4.«Alive and Kicking»5:26
Side B
Nr.TittelLengd
5.«Oh Jungleland»5:14
6.«I Wish You Were Here»4:42
7.«Sanctify Yourself»4:57
8.«Come a Long Way»5:07
Luksusutgåve plate 1: The Original Album
Nr.TittelLengd
1.«Once Upon a Time»5:45
2.«All the Things She Said»4:15
3.«Ghost Dancing»4:45
4.«Alive and Kicking»5:26
5.«Oh Jungleland»5:14
6.«I Wish You Were Here»4:42
7.«Sanctify Yourself»4:57
8.«Come a Long Way»5:07
Luksusutgåve plate 2: B-Sides and Rarities
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Don't You (Forget About Me)»Keith Forsey, Steve Schiff4:23
2.«A Brass Band in Africa»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil5:11
3.«Don't You (Forget About Me)» (Extended)Keith Forsey, Steve Schiff6:36
4.«A Brass Band in African Chimes»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil9:23
5.«Alive and Kicking» (nedkorta utgåve) 4:49
6.«Alive and Kicking» (Instrumental) 6:11
7.«Up on the Catwalk» (Live)Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil5:54
8.«Alive and Kicking» (7" Remix, ikkje tidlegare utgjeven) 4:48
9.«Alive and Kicking» (12" Remix, ikkje tidlegare utgjeven) 6:22
10.«Alive and Kicking» (Kevorkian 12" Remix, ikkje tidlegare utgjeven) 6:38
11.«Sanctify Yourself» (nedkorta utgåve) 3:54
12.«Sanctify Yourself» (Instrumental) 3:59
13.«Sanctify Yourself» (alternativ nedkorta utgåve, ikkje tidlegare utgjeven) 4:00
Luksusutgåve plate 3: B-Sides and Rarities
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Street Hassle» (Live)Lou Reed7:29
2.«Love Song» (Live)Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil5:43
3.«Sanctify Yourself» (Extended) 7:13
4.«Sanctify Yourself» (Dub) 6:14
5.«All the Things She Said» (nedkorta utgåve) 4:00
6.«Promised You a Miracle» (US Remix)Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil6:04
7.«All the Things She Said» (Extended) 5:12
8.«Don't You (Forget About Me)» (Live)Keith Forsey, Steve Schiff9:05
9.«Ghost Dancing» (Special Extended 12" Remix) 7:20
10.«Ghost Dancing» (Instrumental) 4:52
11.«Oh Jungleland» (Special Extended 12" Remix) 7:23
12.«Oh Jungleland» (Instrumental) 6:05
Luksusutgåve plate 4: Live In The City Of Light (Opptak frå Le Zenith, Paris '86)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ghost Dancing» 7:22
2.«Big Sleep»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil4:27
3.«Waterfront»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil5:21
4.«Promised You a Miracle»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil4:38
5.«Someone Somewhere in Summertime»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil5:59
6.«Oh Jungleland» 6:35
7.«Alive and Kicking» 6:25
luksusutgåve Plate 5: Live In The City Of Light (Opptak frå Le Zenith, Paris '86)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Don't You (Forget About Me)»Keith Forsey, Steve Schiff6:37
2.«Once Upon a Time» 6:06
3.«Book of Brilliant Things»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil4:53
4.«East at Easter»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil4:20
5.«Sanctify Yourself» 7:06
6.«Love Song / Sun City / Dance to the Music»Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil, Steve Van Zandt, Sylvester Stewart7:02
7.«New Gold Dream (81–82–83–84)»Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil5:29
Luksusutgåve plate 6 (DVD): 5.1 Mix And Promo Videos
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Once Upon a Time» (5.1 Mix) 6:20
2.«All the Things She Said» (5.1 Mix) 4:23
3.«Ghost Dancing» (5.1 Mix) 4:47
4.«Alive and Kicking» (5.1 Mix) 5:14
5.«Oh Jungleland» (5.1 Mix) 5:26
6.«I Wish You Were Here» (5.1 Mix) 4:48
7.«Sanctify Yourself» (5.1 Mix) 5:01
8.«Come a Long Away» (5.1 Mix) 5:24
9.«Don't You (Forget About Me)» (Promo Video)Keith Forsey, Steve Schiff4:20
10.«Alive and Kicking» (Promo Video) 5:26
11.«Sanctify Yourself» (Promo Video) 4:00
12.«All the Things She Said» (Promo Video) 4:16
13.«Ghost Dancing» (Promo Video) 4:50
Merknad
  • 'Luskusutgåva' av Once Upon a Time består av plate 1 og plate 2.
  • 'Superluksusutgåva' inneheld alle dei seks platene.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Simple Minds

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1985 UK Albums Chart 1
US Billboard 200 10
Australia (Kent Music Report)[9] 7
Den kanadiske albumlista 3
Den italienske albumlista 2

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1985 «Alive and Kicking» UK Singles Chart 7
US Billboard Hot 100 3
US Billboard Mainstream Rock Tracks 2
1986 «Sanctify Yourself» UK Singles Chart 10
US Billboard Hot 100 14
US Mainstream Rock Tracks 3
«All the Things She Said» UK Singles Chart 9
US Billboard Hot 100 28
US Mainstream Rock Tracks 9
«Ghost Dancing» UK Singles Chart 13

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Belgia (BEA)[10] Platina 75,000*
Canada (Music Canada)[11] 2× Platina 200 000^
Frankrike (SNEP)[12] Gull 100 000*
Tyskland (BVMI)[13] 2× Gull 500 000^
Hellas (IFPI Hellas)[14] Gull 50,000^
Nederland (NVPI)[15] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[16] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[17] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[18] 3× Platina 900 000^
USA (RIAA)[19] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Wilson, MacKenzie. «Once Upon a Time – Simple Minds». AllMusic. Henta 10. september 2020. 
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  3. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography (1st utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 970. ISBN 1-84195-985-5. 
  4. Price, Simon (Desember 2015). «Simple Minds: The Vinyl Collection / Once Upon a Time». Q (353): 118. 
  5. Elliott, Mark (January 2016). «Simple Minds – Once Upon A Time». Record Collector (449). Henta 11. februar 2018. 
  6. DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). «Simple Minds». The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. ISBN 0-679-73729-4. 
  7. Christgau, Robert (1. april 1986). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 11. februar 2018. 
  8. ASCAP database search.
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «European Gold & Platinum Awards 1986» (PDF). Music & Media. 27. desember 1986. s. 33. Henta 6. september 2020. 
  11. «Canadian album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». Music Canada. Henta 6. september 2020. 
  12. «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 6. september 2020.  (select «Simple Minds» from drop-down list)
  13. «Gold-/Platin-Datebank (Simple Minds; 'Once Upon A Time')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  14. «Gold & Platinum Awards 1987» (PDF). Music & Media. 26. desember 1987. s. 44. Henta 6. september 2020. 
  15. «Dutch album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 6. september 2020. 
  16. «New Zealand album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 9. september 2020. 
  17. «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  18. «British album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020.  Enter Once Upon a Time in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  19. «American album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». Recording Industry Association of America. Henta 6. september 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH