Neon Lights av Simple Minds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neon Lights
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 8. oktober 2001
Sjanger Poprock
Lengd 41:35
Selskap Eagle - EAGCD 194
Produsent Simple Minds, Gordy Goudie
Simple Minds-kronologi
Our Secrets Are the Same
(1999/2004)
Neon Lights Cry
(2002)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Q(negativ)[2]
Toronto Sun(positiv)[3]

Neon Lights er eit studioalbum med coverversjonar av det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 2001.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Neon Lights er ei samling coverversjonar sett saman som ei oppvarming for det som kom til å bli det neste albumet deira, Cry (2002). Jim Kerr sa om albumet då det kom ut: «Neon Lights er første gongen Simple Minds har sett saman ei samling av ikkje-originale songar. Men tenkte det passa seg å sjå attende på sjølve grunnlaget til Simple Minds, som sjølvsagt er musikken og banda som inspirerte oss.»[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter det førre albumet deira, Our Secrets Are the Same, vart lekt på Internett av ein DJ i Spania, og Simple Minds måtte gå frå EMI, trekte dei seg delvis attende. Frontmannen Jim Kerr flytta til Italia for å starte eit hotell. Her kom ei rekkje unge, italienske artistar til han for å spørje han om råd. Dette overtydde etter kvart bandet om å ta opp tråden att.[5]

Dei signerte ein avgrensa kontrakt med Eagle Records. For å hjelpe bandet i gang att, valte dei å spele inn eit album med coverversjonar for å gje Simple Minds merksemd på ny, og Neon Lights vart resultatet.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)OriginalartistLengd
1.«Gloria»Van MorrisonThem3:45
2.«The Man Who Sold the World»David BowieDavid Bowie4:07
3.«Homosapien»Pete ShelleyPete Shelley4:20
4.«Dancing Barefoot»Patti Smith, Ivan KralPatti Smith Group3:48
5.«Neon Lights»Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl BartosKraftwerk4:16
6.«Hello, I Love You»Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek, John DensmoreThe Doors3:32
7.«Bring on the Dancing Horses»Will Sergeant, Ian McCulloch, Les Pattinson, Pete de FreitasEcho & the Bunnymen5:15
8.«The Needle and the Damage Done»Neil YoungNeil Young4:15
9.«For Your Pleasure»Bryan FerryRoxy Music4:08
10.«All Tomorrow's Parties»Lou ReedThe Velvet Underground3:35
Amerikansk bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OriginalartistLengd
11.«Being Boiled»Philip Oakey, Martyn Ware, Ian Craig MarshThe Human League3:51
12.«Love Will Tear Us Apart»Ian Curtis, Peter Hook, Stephen Morris, Bernard SumnerJoy Division4:48

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilson, MacKenzie. Neon Lights av Simple MindsAllmusic. Henta 26. oktober 2011.
  2. Harris, John. «Neon Lights - Articles & Reviews». Q. Bauer Media Group. Henta 12. september 2020. 
  3. Stevenson, Jane. «Neon Lights - Articles & Reviews». Toronto Sun. Sun Media. Henta 12. september 2020. 
  4. «Rejuvenation 2001-2014 Five Album Vinyl Box Set (released 7/12/18) – Album 1 'Neon Lights'». Facebook. 16. november 2018. Henta 12. september 2020. 
  5. 5,0 5,1 Cornwell, Simon. «Neon Lights: Information». Dream Giver Redux. Henta 12. september 2020.