Néapolis av Simple Minds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Néapolis
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 16. mars 1998
Studio Lochearn Studios Scotland, Metropolis Studios, London, Plus XXX Paris, Home Studios Dublin & Capri Digital, Italy
Sjanger poprock
Lengd 45 min.
Selskap Chrysalis
Produsent
Simple Minds-kronologi 
Good News from the Next World
(1995)
Néapolis Our Secrets Are the Same
(2000/2004)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Canoe.ca3/5 stars[2]
Q3/5 stars[3]
Vox3/5 stars[4]

Néapolis er det 11. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i mars 1998 på plateselskapet Chrysalis.

Bakgrunn og musikk[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha blitt frigjeven frå kontrakten sin med Virgin Records, valde Simple Minds å finne opp seg sjølv musikalsk på nytt. Etter å ha arbeidd i lag sidan 1991 som ein duo i lag med studiomusikarar, kom Jim Kerr og Charlie Burchill saman att for øvingar med den originale rytmeseksjonen i bandet, Derek Forbes og Brian McGee (som kom attende etter å ha vore borte høvesvis 11 og 14 år). McGee var ikkje involvert i prosjektet utanom desse øvingane, me Forbes kom formelt inn att i Simple Minds som bassist i juli 1996. For å spele inn albumet henta Simple Minds òg attende produsenten Peter Walsh, som hadde produsert det kritikarroste New Gold Dream (81-82-83-84).

Songane som kom fram, hovudsakleg skrivne av Kerr og Burchill, var eit steg bort frå den nylege stadionrock og funk-stilen sin, og eit steg attende til den elektroniske popen frå starten av 1980-åra, som var inspirert av europeisk eksperimentell pop som Kraftwerk og David Bowie, i tillegg til at dei innlemma element av moderne dansemusikk. Forbes spelte bass på alle spora, medan trommene vart spelte av studiomusikarane Michael Niggs og Jim McDermott eller erstatta av programmerte trommer av Hamilton Lee frå Transglobal Underground. Tidleg i 1997 henta bandet inn den tidlegare trommeslagaren sin Mel Gaynor for ei studioinnspeling, og han enda opp med å spele trommer på eitt spor, «War Babies». I eit intervju i mars 1998 med Q, sa Kerr at «Néapolis vart ikkje skapt som ein slags andeleg oppfølgjar til [to New Gold Dream], men eg tenkjer at då me kom saman att med folka me arbeidde best i lag med, så var det ikkje mogeleg å unngå ein viss tematisk likskap.»[5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Néapolis kom ut på Chrysalis Records i Storbritannia, men selde dårleg og fekk middel omtale. Chrysalis nekta å gje ut albumet i USA (på grunn av mangel på interesse). Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «Glitterball» og «War Babies,», den sistnemnde med ein video som vart filma i Guggenheim-museet i Bilbao i Spania.

Tidleg i 1998 var Gaynor attende som fulltidsmedlem i bandet for den påfølgjande turneen. Mark Taylor var klaverspelar på konsertane og bandet turnerte i Europa mellom mars og juli 1998. Etter turneen avslutta bandet samarbeidet med Chrysalis Records. Under innspelinga for eit nytt album i 1999, vart Gaynor og Forbes igjen droppa frå bandet, til fordel for Mark Kerr og Eddie Duffy (sjølv om Gaynor kom attende i bandet seinare).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jim Kerr og Charlie Burchill.

Nr.TittelLengd
1.«Song for the Tribes»5:37
2.«Glitterball»4:55
3.«War Babies»5:03
4.«Tears of a Guy»4:48
5.«Superman v Supersoul»4:47
6.«Lightning»5:35
7.«If I Had Wings»4:43
8.«Killing Andy Warhol»5:16
9.«Androgyny»5:07
Bonusspor på den japanske utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Don't You (Forget About Me)» (Jam & Spoon Remix)7:56
11.«Waterfront» (Union Jack Remix)7:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Simple Minds

Andre medverkande

  • Hamilton Lee – ekstra programmering
  • The Dukes – strykarar

Teknisk

  • Charlie Burchill – produsent
  • Pete Walsh – produsent, lydteknikar, miksing
  • Simple Minds – miksing
  • Dougie Cowan – teknisk assistent
  • Sandra Dods. – koordinering
  • Toorkwaz – kunstnarisk leiar, design
  • Andy Earl – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fucito, Paul. Néapolis av Simple MindsAllmusic. Henta 10. september 2020.
  2. Veitch, Dave. «Simple Minds – Néapolis – Articles & Reviews». Québecor Média. Henta 6. september 2020. 
  3. Blake, Mark. «Néapolis». Q (Bauer Media). ISSN 0955-4955. Henta 10. september 2020. 
  4. Fadele, Dele (April 1998). «Simple Minds – Néapolis – Articles & Reviews». Vox. IPC Media. Henta 6. september 2020. 
  5. Q Mars 1998