Wheatstraw Suite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wheatstraw Suite
Studioalbum av The Dillards
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Sjanger Progressive bluegrass
Lengd 27:42
Selskap Elektra
Produsent Rodney Dillard
The Dillards-kronologi 
Pickin' & Fiddlin'
(1965)
Wheatstraw Suite Copperfields
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]
Rolling Stone(positiv) [2]

Wheatstraw Suite er det fjerde albumet til det amerikanske progressiv bluegrass-bandet The Dillards, gjeve ut i 1968. Det er det første albumet til The Dillards der dei gjekk vekk frå den tradisjonelle bluegrass-stilen og nytta i staden fullt orkester, elektriske instrument og stundom trommer.

Bandet hadde gått i retning av ein meir moderne stil i eit par år, og hadde turnert i lag med The Byrds der banjospelaren Doug Dillard spelte ein elektrisk banjo frå Rickenbacker, men det var først på Wheatstraw Suite at dei utforska den nye stilen sin på eit heilt album. Opphavet til albumet byrja då The Dillards for ein kort periode forlet Elektra Records, som hadde gjeve ut dei tre første platene deira, men vore «overraskande mykje i mot» den nye retninga deira. Gruppa spelte inn par folkrocksinglar for Capitol Records, mellom anna ulike versjonar av songar på Wheatstraw Suite. Capitol likte derimot ikkje stilen til The Dillards, og dei signerte ny kontrakt med Elektra, som no var villige til å prøve ein ny, meir kommersiell stil.

Men Doug Dillard var misnøgd med den nye retninga og slutta brått i gruppa. Ironisk nok kom han kort tid etter til å skipe eit liknande countryrockband med det tidlegare Byrds-medlemmet Gene Clark som Dillard & Clark. The Dillards henta inn multi-instrumentalisten Herb Pedersen for å erstatte Doug på banjo. Pedersen kunne òg spele gitar og delte solovokalen med Rodney Dillard.

Gruppa hadde alt opparbeidd seg mange songar i perioden deira for Capitol. Albumet inneheld sju originale songar og seks coverversjonar, som hovudsakleg kom frå samtidige rock- og popmusikarar, og ikkje tradisjonelle songar som tidlegare. The Dillards blanda pop og bluegrass på ein måte som bana veg for ein generasjon av country- og folkrock-artistar, noko som gjer dette til eit av dei mest innverknadsrike albuma deira.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I'll Fly Away»Albert E. Brumley0:39
2.«Nobody Knows»Mitch Jayne, Rodney Dillard2:15
3.«Hey Boys»The Dillards2:27
4.«The Biggest Whatever»Mitch Jayne, Rodney Dillard2:15
5.«Listen to the Sound»Herb Pedersen, Mitch Jayne2:36
6.«Little Pete»Herb Pedersen, Mitch Jayne1:58
7.«Reason to Believe»Tim Hardin2:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Single Saddle»Arthur Altman, Hal David1:22
9.«I've Just Seen a Face»John Lennon, Paul McCartney1:55
10.«Lemon Chimes»Bill Martin, Rodney Dillard3:12
11.«Don't You Cry»The Dillards1:50
12.«Bending the Strings»Allen Shelton1:26
13.«She Sang Hymns Out of Tune»Jesse Lee Kincaid3:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Dillards:

  • Rodney Dillard - solovokal, rytme- og sologitar, dobro, pedalsteelgitar
  • Herb Pedersen - solovokal, rytmegitar, banjo
  • Dean Webb - mandolin
  • Mitch Jayne - akustisk bass
Andre musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wheatstraw SuiteAllmusic
  2. Bickhart, Jim (14. juni 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (35): 37.