Joe Osborn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joe Osborn
Joe Osborn for Wikipedia 2.jpg
Osborn i 2012
Fødd28. august 1937 (81 år)
FødestadMound i Louisiana
Død14. desember 2018
OpphavUSA
Aktiv1960–2018
SjangerPop, country
Instrumentbassgitar
Verka somStudiomusikar

Joe Osborn (fødd 28. august 1937) er ein amerikansk bassgitarist kjend som studiomusikar i Los Angeles og Nashville frå 1960- til 1980-åra.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Osborn byrja karrieren sin i lokale klubbar og spelte så på ei hitplate med songaren Dale Hawkins. Han flytta til Las Vegas då han var 20 og spelte eitt år med countryartisten Bob Luman. Med den legendariske gitaristen Roy Buchanan i bandet, måtte Osborn byte frå gitar til bass. I 1960 vart han i lag med Allen «Puddler» Harris og James Burton, med i bandet til popstjerna Ricky Nelson, der han var i fire år. Han spelte med Nelson på hittar som «Travellin' Man» og danna grunnlaget for karrieren som studiomusikarar og spelte mellom anna for Johnny Rivers.

Då Nelson oppløyste bandet i 1964 vart Osborn studiomusikar på fulltid. Dei neste tiåra vart han «første bassisten som vart ringt» i Los Angeles[2] og spelte med andre studiomusikarar i det som vart kalla The Wrecking Crew. Med dei arbeidde han for kjende produsentar som Lou Adler og Bones Howe, ofte i lag med trommeslagaren Hal Blaine og klaverspelaren Larry Knechtel. Han spelte med artistar som The Mamas & the Papas, The Association og The 5th Dimension, og spelar på Simon & Garfunkel sin «Bridge over Troubled Water» og the 5th Dimension sin «Aquarius/Let the Sunshine In». Osborn spelte på mange av Neil Diamond sine store hittar seint i 60-åra og 70-åra, mellom anna den unike basslinja på «Holly Holy» i 1969. Osborn er òg kjend for å ha oppdaga syskenbandet The Carpenters.[2] Osborn spelar òg på fleire av innspelingane til Nancy Sinatra i 1970-åra.

Osborn i 2012.

I 1974 flytta Osborn frå Los Angeles til countryhovudstaden Nashville. Han fortsette her karrieren som studiomusikar og spelte bak vokalistar som Kenny Rogers, Mel Tillis og Hank Williams, Jr. Osborn spelte bassist på 53 songar som nådde toppen av countrylista i USA.[treng kjelde] Osborn forlét Nashville i 1988 og slo seg ned i Keithville i Louisiana. I dag er han delvis pensjonert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]