Wig-Wam Bam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wig-Wam Bam
Singel av The Sweet
frå albumet The Sweet
B-side

New York Connection

Utgjeve 1. september 1972 (Storbritannia)[1]
September 1973 (USA)
Innspelt 1972
Sjanger Glamrock,[2] tyggegummipop[3]
Lengd 3:01
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Nicky Chinn, Mike Chapman
Produsent Phil Wainman
The Sweet-kronologi 
«Little Willy»
(1972)
Wig-Wam Bam «Blockbuster»
(1972)


«Wig-Wam Bam» er ein song av det britiske glamrockbandet The Sweet, skriven av låtskrivarane Nicky Chinn og Mike Chapman, og gjeven ut på singel i september 1972. Det var den første Sweet-singelen der bandmedlemmane faktisk spelte instrument, sidan produsenten Phil Wainman på trommer, og studiomusikarane John Roberts og Pip Williams (seinare produsent for Status Quo) på bass og gitar, spelte på dei tidlegare singlane deira.

Teksten på songen var inspirert av Henry Longfellow-diktet Hiawatha frå 1855.[4] Diktet fortel soga om den amerikanske indianaren Hiawatha og kjærasten Minnehaha. Teksten refererer òg til Running Bear og kjærasten Little White Dove, to karakterar frå songen «Running Bear» frå 1959 av av Jiles Perry Richardson.

Songen var ein ny stil for bandet, og vert ofte rekna som den første glamrocksingelen deira. Det var òg den første Sweet-singelen der bassisten Steve Priest song somme partar på solovokal: «try a little touch, try a little too much» i refrenget. Dette vart sidan ein viktig del av stilen til Sweet og på dei fleste av dei seinare singlane sine brukte dei denne teknikken. Etter at songen vart ein hit, byrja Sweet å bruke glam-imaget og byrja å gå med glitter, indianske klede og sminke.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Songen nådde fjerdeplassen på den britiske singellista i september September 1972.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1986 vart ein versjon av det engelske popbandet Black Lace gjeven ut på singel og nådde 63. plassen på den britiske singellista.
  • I 1989 vart ein versjon av den engelske popartisten Damian gjeven ut på singel og nådde 49. plassen på den britiske singellista.
  • I 2000 spelte det kvinnelege rockebandet The Donnas inn ein versjon (med annan tekst og ingen referansar til Hiwawatha[6]) for samleplatene Runnin' on Fumes!/The Gearhead Magazine Singles Compilation[7] og Blockbuster: A 70's Glitter Glam Rock Experience.[8] Han kom ut på singel i 2002.
  • I 2010 spelte det kvinnelege finske hardrockbandet Barbe-Q Barbies ut songen på albumet All over You.[9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]