Sweet Fanny Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sweet Fanny Adams
Studioalbum av The Sweet
Utgjeve April 1974
Studio Audio International Studios i London; Advision Studios i London
Sjanger Glamrock, hardrock, heavy metal
Lengd 39:37
Selskap RCA
Produsent Phil Wainman
The Sweet-kronologi
The Sweet
(1973)
Sweet Fanny Adams Desolation Boulevard
(1974)


Singlar frå Sweet Fanny Adams
  1. «Peppermint Twist»
    Utgjeve: 1974 (berre Australia)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

Sweet Fanny Adams er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Sweet, først gjeve ut i 1974. Det var òg det første albumet dei gav ut der dei kalla seg berre Sweet. Albumet var eit vendepunkt i musikkstilen deira. Han har ein meir hardrockprega stil enn dei tidlegare popplatene.

Albumtittelen er eit engelsk slangord (opphavleg frå Royal Navy) som kom frå mordet på den åtte år gamle Fanny Adams i 1867 og tyder «ingenting i det heile tatt» i tillegg til ein liknande eufemisme «F.A.» = «fuck all».

Sweet Fanny Adams nådde 27. plassen på UK Albums Chart då det kom ut på RCA Records i 1974 og andreplassen på albumlista i Vest-Tyskland. Albumet kom ikkje ut i USA, men fem av songane kom ut på den amerikanske versjonen av albumet Desolation Boulevard i juli 1975.

I 1996 gav den engelske rockegruppa Love and Rockets ut albumet Sweet F.A. og eit glam metal-band frå Indiana i USA kalla seg Sweet F.A. i slutten av 1980-åra.

Allmusic skreiv om albumet: «Sjølv om dei ofte vart avviste som ein luftig singelgruppe i si tid, laga Sweet ei handfull sterke album på midten av 70-talet som hadde overraskande muskuløs hardrock. Eit godt døme på denne trenden er Sweet Fanny Adams. Tonen vert sett på opningssporet, «Set Me Free», ein brennande rockar som blandar ultrahøge vokalharmoniar til ei rasande rekkje gitarriff som driv songen opp eit vanvittig nivå liknande speed metal. Andre hardrockende høgdepunkt er «No You Don't», ein Queen-aktig song om ein uvennleg kjæraste som seinare vart spelt av Pat Benatar, og «Into the Night», eit kompleks spor som set eit vers i middels tempo mot lynraske refreng over ein overraskande funky rytme som seinare vart sampla av Beastie Boys. Likevel er heavy metal-meisterverket på albumet tittelsporet, eit medteke portrett av ungdomskriminalitet som med ein brutal tekst føreser dei dystre bileta i punkrocken.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Set Me Free»Scott3:57
2.«Heartbreak Today» 5:02
3.«No You Don't»Mike Chapman, Nicky Chinn4:35
4.«Rebel Rouser» 3:25
5.«Peppermint Twist»Joey Dee, Henry Glover3:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Sweet F.A.» 6:15
7.«Restless» 4:29
8.«Into the Night»Scott4:26
9.«AC-DC»Chapman, Chinn3:29
Bonusspor på 1997-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«The Ballroom Blitz»Chapman, Chinn4:03
11.«Teenage Rampage» 3:34
Bonusspor på 1999-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Burn on the Flame»3:37
11.«Own Up, Take a Look at Yourself»3:57
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Block Buster!»Chapman, Chinn3:12
11.«Need a Lot of Lovin'» 3:00
12.«Hell Raiser»Chapman, Chinn3:26
13.«Burning» 4:04
14.«The Ballroom Blitz»Chapman, Chinn3:56
15.«Rock 'n' Roll Disgrace» 3:50


Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 33
Storbritannia (Official Charts Company) 27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sweet Fanny AdamsAllmusic
  2. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]