Cut Above the Rest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cut Above the Rest
Studioalbum av Sweet
Utgjeve Mars 1979 (USA); Oktober 1979 (Storbritannia)
Sjanger Rock, hardrock, disco
Lengd 40:50
Selskap Polydor, Capitol
Produsent Sweet
Sweet-kronologi
Level Headed
(1978)
Cut Above the Rest Waters Edge
(1980)


Cut Above the Rest er det sjuande studioalbumet av det engelske glamrockbandet Sweet, gjeve ut på Polydor Records i oktober 1979. Det var den første albumutgivinga deira etter at den originale solovokalisten Brian Connolly slutta. Connolly hadde byrja å spela inn dette albumet med bandet i TownHouse Studio i Shepherd's Bush i London, men vokalen hans vart deretter fjerna og erstatta av vokal frå bassist Steve Priest og gitaristen Andy Scott. Originale opptak av «Play All Night» og «Stay With Me» (òg kjend som «Log One/That Girl») med vokalen til Connolly er vorte retta opp att og gjeve ut på den samleplata Platinum Rare.

Cut Above the Rest vart gjeve ut med to forskjellige omslag: eit for USA/Canada/Japan/Storbritannia og eit anna (ei treutskjering av andleta til dei tre medlemmane) for Europa.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

I si retrospektive melding skildra AllMusic Cut Above the Rest som «ein bisarr kombinasjon av den hardrockande popen som dominerte klassiske Sweet-singlar med dei progressive påfunna til 10cc/Electric Light Orchestra, pluss somme tilbakelente softrock-balladar kasta inn for å dekke alle pop/rock-basene.» Dei meinte at somme av utfalla i denne mengda av stilartar var katastrofale, men at dei sterkare spora var særeigne og overtydande nok til å gjere albumet som heilskap minneverdig, om enn «for uberekneleg» for tilfeldige lyttarar.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne og komponerte av Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Call Me»Scott3:42
2.«Play All Night» 3:15
3.«Big Apple Waltz»Priest, Scott4:03
4.«Dorian Gray» 4:44
5.«Discophony (Dis-Kof-O-Ne)»Priest, Scott, Tucker, Gary Moberley5:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Eye Games»Scott, Louis Austin1:58
7.«Mother Earth»Priest, Scott6:31
8.«Hold Me»Scott6:06
9.«Stay With Me» 5:06
Bonusspor 2010-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Call Me» (7"-versjon)2:54
11.«Why Don't You»3:25
12.«Mother Earth» (7"-versjon)3:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • Louis Austin - lydteknikar
  • Norman Goodman - plateomslag
  • Eddie Hardin - soloist
  • Gary Moberley - komponist, piano
  • Geoff Westley - arranger, piano

Kjelder[endre | endre wikiteksten]