Wild Tales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wild Tales
Studioalbum av Graham Nash
Utgjeve 2. januar 1974
Innspelt Rudy Records, San Francisco, California
Sjanger Rock
Lengd 31:16
Selskap Atlantic
Produsent Graham Nash
Graham Nash-kronologi 
Songs for Beginners
(1971)
Wild Tales Earth & Sky
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
Galeria Musical4/5 stars[2]
Rolling Stone(not rated)[3]

Wild Tales er det andre studioalbumet til den britiske visesongaren Graham Nash, gjeve ut på Atlantic Records i 1974. Albumet nådde 34. plassen på Billboard 200. Nash meinte at albumet kunne nådd høgare på lista i USA om det ikkje hadde vore for den dårlege støtta og marknadsføringa frå Atlantic Records. Etter den langvarige oppløysinga av Crosby, Stills, Nash & Young seint i 1974 og tidleg i 1975, forlet Nash selskapet og signerte ein avtale for fire album med ABC Records som ein duo med CSNY-partneren David Crosby.

Nash samla saman ei gruppe musikarar som var laust knytte til CSNY-familien, som Johnny Barbata, Tim Drummond, David Lindley og Ben Keith, i tillegg til David Crosby. Andre gjesteartistar var òg Dave Mason, Neil Young (under pseudonymet Joe Yankee) og Joni Mitchell.

I motsetnad til rapportar som kom seinare, var ikkje den mørkare stemninga på dette albumet inspirert av drapet på den dåverande kjærasten til Nash, Amy Gossage, av broren hennar. Tragedien skjedde meir enn eit år etter albumet kom ut. Nash var derimot nedtrykt etter dei mislukka forholda hans til Joni Mitchell og Rita Coolidge, og av at Crosby, Stills, Nash & Young ikkje klarte å halde saman lenge nok til å gje ut eit nytt album.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Graham Nash.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Wild Tales»2:18
2.«Hey You (Looking at the Moon)»2:14
3.«Prison Song»3:10
4.«You'll Never Be the Same»2:48
5.«And So It Goes»4:48
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Grave Concern»2:45
7.«Oh! Camil (The Winter Soldier)»2:51
8.«I Miss You»3:04
9.«On the Line»2:35
10.«Another Sleep Song»4:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. Wild TalesAllmusic
  2. Nascimento, Anderson S. (på portugisisk)[1]
  3. 5944686/wild_tales Rolling Stone review