World Wide Fund for Nature

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
World Wide Fund for Nature

Typeikkje-statleg organisasjon
Skipa29. april 1961
HovudkontorGland
LeiarAdil Najam
Verkeområdeinternasjonal
Tilsette6 000 (2021) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://wwf.org/ Sjå dette på Wikidata

World Wide Fund for Nature (WWF, fram til 1986 World Wildlife Fund) er ein stor internasjonal naturvernorganisasjon som vart grunnlagt av biologen Julian Huxley og ornitologen Peter Scott i 1961. Organisasjonen sitt varemerke er ein pandabjørn.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Hovudmålet til organisasjonen var opphavleg å verne truga artar og tilhøyrande habitat, men med åra har dette vorte utvida til å omfatte naturvern på eit generelt plan. I dag blir WWF rekna for å vere den største og viktigaste naturvernorganisasjon i verda.

Hovudoppgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Verne mangfaldet blant artar og økosystem
  • Sikre berekraftig bruk av naturressursar
  • Kjempe mot forureining og overforbruk av ressursar og energi

WWF International[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen har omkring 5 millionar medlemmar og 4000 tilsette globalt. WWF er representert med lokale organisasjonar i meir enn 30 land, mellom anna Noreg. I tillegg er staben engasjert i feltarbeid i meir enn 100 land. Hovudkontoret ligg i Gland i Sveits.

WWF organiserer arbeidet i seks hovudområde: Artar, ferskvatn, giftige kjemikaliar, klimaendringar, kyst, hav og skog.

I dag engasjerer WWF seg òg politisk, finansielt og innan utdanning, for å nå målsettingane sine om bevaring og naturvern. I så måte er organisasjonen òg kjent for å ha teke i bruk sivil ulydigheit for å syne synspunkta sine.

Nasjonale samskipnader[endre | endre wikiteksten]

WWF-Noreg[endre | endre wikiteksten]

World Wide Fund for Nature Noreg (WWF-Noreg) vart grunnlagt i 1970 med Kong Harald V (som då var kronprins) som president. I Noreg var organisasjonen tidlegare kjent under namnet Verdas villmarksfond. Den norske avdelinga hadde ca 4000 medlemmar og 15 tilsette i 2005. I 2007 var det 7000 medlemmar og 30 tilsette. Hovudkontoret i Noreg ligg i Oslo.

Generalsekretærar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: World Wide Fund for Nature