Rasmus Hansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rasmus Hansson
none  Rasmus HanssonFoto: Monica Løvdahl
Rasmus Hansson
Foto: Monica Løvdahl
Fødd 4. september 1954

Bærum

Rasmus Johan Michael Hansson (fødd 4. september 1954 i Bærum) er ein norsk biolog og politikar for Miljøpartiet Dei Grøne. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo 2013-2017. Med dette var han den første stortingsrepresentanten frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Hansson vart den 22. januar 2013 dagleg leiar ved CIENS – Forskningssenter for miljø og samfunn, eit forskingssenter knytt til Universitetet i Oslo.[1] Hansson var generalsekretær i WWF Verdas Naturfond (WWF-Noreg) 2000–2012.[2]

Han har vore førstekonsulent i Miljøverndepartementet og vore avdelingsdirektør og direktør for miljøforvalting ved Norsk Polarinstitutt. Hansson var direktør for miljøvernprogrammet i NORAD 1998–1999, og har vore tilsett i NORAD som rådgjevar innan viltforvalting. Han har fått publisert ei rekkje vitskaplege artiklar om miljøvern i Arktis.

Hansson er utdanna biolog frå NTNU og skreiv hovudfagsoppgåve om isbjørn. Han har også Master of Business Administration (MBA) og Graduate Diploma i internasjonal politikk frå La Trobe University i Melbourne i Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rasmus Hansson er daglig leder på CIENS Toppsenter, ciens.no
  2. Innstilling Stortingslisten 2013 - MDG Oslo, PDF

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]