Yarkon
Yarkon | |
elv | |
Land | ![]() |
---|---|
Byar | Tel Aviv |
Lengd | 27,5 km |
Munning | Middelhavet |
- stad | Tel Aviv |
- koordinatar | |
Wikimedia Commons: Yarkon River | |
Yarkon (hebraisk נחל הירקון, Nahal HaYarkon), òg Yarqon, er ei elv sentralt i Israel. Yarkon spring ut ved Tel Afek (Antipatris), nord for Petah Tikva. Ho flyt vestover gjennom Gush Dan og Yarkonparken i Tel Aviv til Middelhavet. El-Auja er det arabiske namnet.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Yarkon er den største kystelva i Israel og er 27,5 km lang. Yarkon danna sørgrensa til Beirut vilayet under Det osmanske riket.[1]
I mandattida gav dei britiske styresmaktene Jaffa Electric Company løyve til å generere, distribuere og selje elektrisitet i distriktet Jaffa. Meininga var å nytta vassenergi frå elva, men dette vart det aldri noko av. I staden bygde selskapet eit kraftverk som var driven av dieselmotorar.[2]
Elva vart stadig meir forureina etter 1950-åra, og mange la skulda på Reading energiverk som ligg nær munningen.
Då kjeldevatnet til elva vart omleidd til Negev via National Water Carrier for kunstig vatning, vart tilhøva verre i Yarkon. Då kloakk erstatta ferskvatnet, vart plante- og dyrelivet i elva øydelagd. Dette vart enno verre av mykje industriutslepp i elva, noko som førte til kraftig algevekst.[3]
Nuphar lutea-teppe i øvre Yarkon
Yarkontilsyn[endre | endre wikiteksten]
I 1988 vart Yarkontilsynet oppretta for å revitalisere elva og gjere delar av ho høvande for segling, fiske, symjing og andre fritidsaktivitetar. Vasskvaliteten kom seg etter at det vart bygd moderne kloakkhandsamingsanlegg i Hod Hasharon og Ramat Hasharon. Elva vart oppmudra for at ho skulle få den opphavlege djupna og naturlege flyten. Elvebreidda vart heva og forsterka, og det vart bygd gang- og sykkelvegar, og parkområde ved hjelp av støtte frå det australske jødiske samfunnet via Jewish National Fund.[3]
Maccabiahkatastrofen[endre | endre wikiteksten]
14. juli 1997 vart fire medlemmar av den australske delegasjonen i Maccabiahleikane drepne og 60 skadde, då ei midlertidig gangbru over Yarkon fall saman. Dødsfalla kom hovudsakleg av soppinfeksjon ved at det sterkt forureina vatnet kom inn i lungene på dei som omkom.[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Yarkon» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Weldon C. Matthews (2006) Confronting an Empire, Constructing a Nation: Arabic Nationalists and Popular Politics in Mandate Palestine I.B.Tauris, ISBN 1-84511-173-7 p 26
- ↑ Shamir, Ronen (2013). Current Flow: The Electrification of Palestine. Stanford: Stanford University Press.
- ↑ 3,0 3,1 A rural walk through the big cities, Jerusalem Post
- ↑ Maccabiah Games, Jewish Virtual Library
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (he) Yarkontilsynet