Yours Is No Disgrace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Yours Is No Disgrace»
Song av Yes
frå albumet 'The Yes Album'
Utgjeve 1971
Innspelt 1970
Sjanger progressiv rock
Lengd 9:45
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jon Anderson, Steve Howe, Tony Kaye, Chris Squire og Bill Bruford
Produsent Yes og Eddie Offord

«Yours Is No Disgrace» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, innspelt hausten 1970 og gjeven ut albumet The Yes Album i februar 1971. Songen er skriven av Jon Anderson, Chris Squire, Steve Howe, Bill Bruford og Tony Kaye. Dette er eit av dei første forsøka til bandet på den «episke stilen» bandet seinare vart kjent for, og songen består av komplekse rytmiske og melodiske tema. Songen er 9 minutt og 45 sekund lang.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med eit country-liknande tema som kan minne om opningstemaet til TV-serien Bonanza. Så kjem trommene, bassgitaren og orgelet med, og som skapar eit sterkt rytmisk tema med eit enkelt orgeltema på toppen. Gitaren går over i eit nesten svevande arpeggio-tema som blir modulert. Første vers blir sunge over eit akkordbasert orgeltema.

Etter første vers kjem resten av instrumenta inn og skapar ein liknande rytmisk kjensle som frå før første verset. Dette rytmiske temaet blir punktert av ein frenetisk og aggressiv gitarsolo, og så kjem det ei rekkje korte gitarsoloar i ulike stilarter som rock, jazz, country og hardrock-liknande, før det går over i eit a capella-vers, berre med eit staccato bass-riff i bakgrunnen. Så dreiast musikken først gradvis over i eit crescendo, før det dust blir vendt tilbake til det rytmiske hovudtemaet i songen. Songen blir avslutta med ein repetisjon av det country-inspirerte temaet i opninga og det påfølgjande rytmiske temaet.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Yours is No Disgrace» er ein av dei ti mest framførte songane til bandet under konsertar.[1] Bandet har hatt han med på dei fleste turneane sidan songen vart skriven sommaren 1970. Konsertversjonane er som oftast særs lik studioinnspelinga.

Offisielle konsertopptak av «Yours Is No Disgrace» finnast på:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dimery, Robert «1001 Albums You Must Hear Before You Die» New York: Quintet Publishing Limited, 2005. ISBN 9780789313713
  • Covach, John Rudolph og Boone, Graeme MacDonald «Understanding Rock: Essays in Musical Analysis» New York: Oxford University Press, 1997. ISBN 0195100050

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forgotten Yesterdays