Ytre Arna kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ytre Arna kyrkje
kyrkje
Ytre Arna kirke.JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane prosti
Sokn Ytre Arna sokn
Fellesråd Bergen kyrkjelege fellesråd
Stad Ytre Arna.
Arkitekt Schak August Steenberg Bull
Material Tre
Innvigd 5. november 1899
 - Endringar Bygd om i 1949
Kyrkjegard Har ikkje eigen kyrkjegard, men nyttar kyrkjegarden ved Arna kyrkje og Mjeldheim kyrkjegard like ved Toro-fabrikken i Indre Arna.
Altartavle Måleri av krossfestinga: «Det er fullført» av Axel Revold 1949
Sitjeplassar 250 sitjeplassar

Ytre Arna kyrkje
60°27′29″ N 5°26′22″ E
Wikimedia Commons: Ytre Arna kirke

Ytre Arna kyrkje er ein langkyrkje frå 1899 i Bergen kommune i Hordaland fylke.

Kyrkja er bygd i tre og har 250 sitjeplassar. Ho vart vigsla 5. november 1895.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja i Ytre Arna er ein kopi av Berger kyrkje frå 1895 i Svelvik i Vestfold. Kyrkjene har same arkitekt og er frå den same tidsperioden. Årsaka til at desse kyrkjene er bygd over same lest, handlar om industrihistorie. Bygdene Ytre Arna og Berger vart endra til industristader og vart bygd opp omkring tekstilindustrien.[2] Peter Jebsen stod for bygginga i Ytre Arna, medan broren Jürg Jebsen stod for bygging i Berger.

Arkitekt Schak August Steenberg Bull, nevø av Ole Bull, har og teikna Troldhaugen til sin fetter Edvard Grieg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lidén, 1994, s. 111
  2. Glatved-Prahl, Håkon (10. april 2015). «For det var ikke plass til dem i Haus-kirken». Bergens Tidende. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°27′29.412″N 5°26′21.732″E