Trengereid kapell
Utsjånad
| Trengereid kapell | |||
| kyrkje | |||
Foto: Svein Harkestad | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Bjørgvin bispedømme | ||
| Prosti | Åsane prosti | ||
| Sokn | Arna sokn | ||
| Fellesråd | Bergen kyrkjelege fellesråd | ||
| Stad | Trengereid | ||
| Material | Betong kledd med eternit | ||
| Innvigd | 1963 | ||
| Stopul | Attmed kyrkja | ||
| Klokker | Frå Olsen Nauen Klokkestøperi[1] | ||
| Preikestol | I furu | ||
| Døypefont | I furu | ||
| Altartavle | Bordaltar, kross på veggen | ||
| Orgel | Harmonium frå Vestres orgelfabrikk | ||
| Sitjeplassar | 150[2] | ||
![]() Trengereid kapell 60°25′39″N 5°37′42″E / 60.42742111°N 5.62830389°E | |||
| Wikimedia Commons: Trengereid bedehuskapell | |||
Trengereid kapell tidlegare Trengereid bedehuskapell er eit kapell frå 1963 på Trengereid i Bergen kommune, Hordaland fylke. Den er annekskyrkje i Arna sokn, Åsane prosti i Bjørgvin bispedømme.[2]
Kapellet vart opphavleg reist som bedehus og vigsla til kyrkjeleg bruk i 1967. Byggverket er i betong kledd med eternit. Kapellet fekk eit frittståande klokketårn i samband med vigslinga i 1967.[1]
Inventaret er enkelt og i furu. Kapellet har eit harmonium frå Vestres orgelfabrikk.
Trengereid kapell vart avvigsla ca. 2012, og er no ein del av Trengereid oppveksttun, avdeling barnehage.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Trengereid kapell frå Norges Kirker/ NIKU og KA
- 1 2 Trengereid kapell frå Bergen byleksikon
