Bruvik kyrkje
| Bruvik kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Odd Roar Aalborg | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Osterøy | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Åsane | ||
| Sokn | Bruvik | ||
| Fellesråd | Osterøy | ||
| Stad | Bruvik | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Frederik Hannibal Stockfleth, byggmeister Ole Vangberg[1] | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1867[1] | ||
| Kyrkjegard | Rundt kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 350[2] | ||
![]() Bruvik kyrkje 60°28′46″N 5°40′35″E / 60.4795°N 5.6764°E | |||
| Wikimedia Commons: Bruvik kirke | |||
Bruvik kyrkje står i Bruvik søraust på øya Osterøy i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1867. Kyrkja vart ført opp etter Frederik Hannibal Stockfleth sine teikningar til Fusa kyrkje. Byggmeister Ole Vangberg gjorde ymse endringar og tilpassingar av teikningane for kyrkjebygget i Bruvik.
Det har vore kyrkje i Bruvik sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Bruvik sokn nemnd i kjeldene er frå 1340. Bruvik-kyrkja er òg nemnd i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje tidleg på 1600-talet. Denne stod til 1866 då ho vart riven.
Bruvik kyrkje er soknekyrkje i Bruvik sokn i Åsane prosti. Bruvik høyrde fram til 1869 til Haus prestegjeld. Då vart Bruvik saman med Stamnes sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld.[3] Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bruvik kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Norges Kirker: «Bruvik kirke»». Henta 9. april 2014.
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) På nettstaden til NIKU og KA - ↑ Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Bruvik kyrkje», s. 369
- ↑ «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket, arkivert frå originalen 2009-03-22, henta 2009-03-31
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Bruvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Osterøy kommune på nettstaden disnorge.no
- Bruvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Bruvik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
