Hopp til innhald

Zelenogradsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zelenogradsk
Зеленоградск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Høgd 3 m
Areal 17 km²
Folketal 17 085 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1252
Retningsnummer +7 40150
Kart
Zelenogradsk
54°57′00″N 20°29′00″E / 54.95°N 20.483333333333°E / 54.95; 20.483333333333
Wikimedia Commons: Zelenogradsk

Zelenogradsk[a] er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen i Samland, nær Den kuriske neset, rundt 30 km nord for Kaliningrad.

Byen er ein populært stad for helgeturar for innbyggjarar i Kaliningrad.

Cranz (no Zelenogradsk) i 1900.
Jernbanestasjonen i Zelenogradsk.
Foto: A. Savin

Staden der Zelenogradsk ligg i dag var opphavleg ein prøyssisk fiskarlandsby, nær Kaup, ein prøyssisk by på Austersjøkysten i vikingtida. Området kom under Den tyske riddarordenen og vart busett av tyskarar. Det tyske namnet Cranz, opphavleg Cranzkuhren, kjem frå det gammalprøyssiske ordet krantas, som tyder «kysten».

Staden vart verande ein liten fiskarlandsby fram til 1800-talet, då landsbyen vart det fremste badeferiestaden på kysten av Aust-Preussen i Kongeriket Preussen, særskild etter at det vart bygt ei jernbanelinje frå Königsberg (no Kaliningrad) i 1885. Frå 18161895 var han kjend som das königliche Bad, eller «den kongelege badestaden». Trass i tilstrøyming av turistar var fiskeindustrien sterk og røykt flyndre var ein regional delikatesse. Staden hadde over 6 000 innbyggjarar før den andre verdskrigen, men hadde ikkje bystatus.

Området vart okkupert av Sovjetunionen under den andre verdskrigen og så annektert som ein del av Russland. Byen vart derimot lite skadd av krigshandlingane. Den tyske folkesetnaden flykta eller vart utvist etter krigen var over. Namnet på landsbyen vart endra frå Cranz til Zelenogradsk eller «Grøn by» på russisk og fekk bystatus etter 1945.

Turistindustrien vart vanskjøtta under den kalde krigen og den førande rolla til Zelenogradsk vart overteken av den nærliggande byen Svetlogorsk (tidlegare Rauschen). Dette har endra seg noko sidan 1990. Zelenogorsk har vorte meir populær igjen og mange rike moskovittar eig private hus i området.

  1. russisk Зеленогра́дск, tysk Cranz, litauisk Krantas

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zelenogradsk