Hopp til innhald

Nesterov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesterov
Нестеров
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Areal 8 km²
Folketal 3 342 (2023)[1]
Først nemnd i 1539
   Bystatus 1722
Retningsnummer +7 40144
Kart
Nesterov
54°38′00″N 22°34′00″E / 54.633333333333°N 22.566666666667°E / 54.633333333333; 22.566666666667
Wikimedia Commons: Nesterov

Nesterov[a] er ein liten by i dagens Kaliningrad oblast i Russland med om lag 3 500 innbyggjarar.

Stallupönen i 1906.

I mellomalderen var dette området folkesett av det gammalprøysiske folket nadruvianarane. Områda deira vart erobra av Den tyske riddarordenen og innlemma i staten deira i Preussen med namnet Stallupönen etter elva (Stalupė i litauisk) i nærleiken. Deå Den tyske orden vart sekularisert i 1525, vart Stallupönen ein del av hertugdømet Preussen, seinare arva av huset Hohenzollern og vart ein del av markgreveskapet Brandenburg i 1618. Byen vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og administrert som ein del av provinsen Aust-Preussen frå 1773. Under den prøyssisk-styrte tyske samlinga i 1871 vart Stallupönen ein del av Det tyske keisardømet.

I august 1914 vart byen og området rundt åstad for Slaget ved Stallupönen mellom Russland og Tyskland, noko som var med på å innleie kampane ved austfronten under første verdskrigen.

Byen har ein litauisk minoritet og Litauen ønsket derfor utan hell å få byen overført til landet etter første verdskrigen. I 1938 meinte dei tyske nazistiske styresmaktene at Stallupönen ikkje høyrdest tysk nok ut og endra namnet til Ebenrode.

Mot slutten av den andre verdskrigen vart byen okkupert av den raude armeen og området vart overført til Russiske SFSR i 1945 som ein del av Kaliningrad oblast.

Den tyske folkesetnaden i byen vart hovudsakleg evakuert vestover, eller forvist. Byen fekk namnet Nesterov etter Sergej Nesterov, ein sovjetisk krigshelt som vart drepen i nærleiken.

I dag er Nesterov administrasjonssenteret for Nesterovskij-disktriket og er eit kulturelt senter for den litauiske minoriteten i Russland. Han ligg rett ved den russisk/litauiske grensa på jernbanelinja som knyter Kaliningrad oblast med Moskva.

Kjende personar frå Stallupönen

[endre | endre wikiteksten]
  1. russisk Не́стеров, tysk Stallupönen eller Ebenrode, litauisk Stalupėnai, polsk Stołupiany
  1. «Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2023 года (с учётом итогов Всероссийской переписи населения 2020 г.)». Rosstat. 18. august 2023. Henta 23. august 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nesterov