Hopp til innhald

Gurjevsk i Kaliningrad oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gurjevsk
Гурьевск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Areal 10 km²
Folketal 27 751 (2023)[1]
Grunnlagd 1262
Postnummer 238300
Retningsnummer +7 40151
Kart
Gurjevsk
54°46′00″N 20°36′00″E / 54.766666666667°N 20.6°E / 54.766666666667; 20.6
Wikimedia Commons: Guryevsk, Kaliningrad Oblast

Gurjevsk[a] er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 10 km nordaust for Kaliningrad.

Byen vart grunnlagd som Neuhausen i 1262 av Den tyske riddarordenen. Han vart ein del av Hertugdømet Preussen i 1525 og Kongeriket Preussen i 1701. Han låg under provinsen Aust-Preussen og vart ein del av Det tyske keisardømet i 1871.

Etter den andre verdskrigen i 1945 vart byen annektert av Sovjetunionen. Den tyske folkesetnaden vart evakuert, utvist og erstatta med russarar. Året etter vart bynamnet endra til Gurjevsk.

  1. russisk Гу́рьевск, tysk Neuhausen, litauisk Romuva

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gurjevsk i Kaliningrad oblast