Hopp til innhald

Bagrationovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bagrationovsk
Багратионовск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Areal 10,7 km²
Folketal 6 379 (2023)[1]
Grunnlagd 1325
   Bystatus 1946
Postnummer 238420
Retningsnummer 40156
Kart
Bagrationovsk
54°23′00″N 20°38′00″E / 54.383333333333°N 20.633333333333°E / 54.383333333333; 20.633333333333
Wikimedia Commons: Bagrationovsk

Bagrationovsk[a] er ein liten by i det noverande Kaliningrad oblast i Russland, rundt 37 kilometer sør for Kaliningrad. Byen ligg rett ved grensa til Polen og har om lag 6 500 innbyggarar. Byen heitte Eylau fram til 1946.

Den tyske riddarordenen bygde i 1325 ei borg på denne staden, og byen som voks opp rundt denne vart kalla Eylau.

Då Den tyske orden vart sekularisert i 1525, vart byen ein del av hertugdømet Preussen og fekk byrettar i 1585. Seinare vart området arva av Hohenzollarane og vart ein del av markgreveskapet Brandenburg i 1618. Byen vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og administrert som ein del av provinsen Aust-Preussen frå 1773. Under den prøyssisk-leia tyske samlinga i 1871 vart området ein del av Det tyske keisardømet.

Det blodige slaget ved Eylau stod her 7.–8. februar 1807 mellom Napoleon sin La grande armée og dei russiske styrkane under kommando av Levin August von Bennigsen.

Under avslutninga av den andre verdskrigen rykte den raude arméen inn i byen våren 1945 og den tyske folkesetnaden som ikkje alt hadde flykta vart drive vestover. Byen vart omdøypt til dagens namn i 1946 til minne om den russiske generalen Pjotr Bagration som hadde delteke i slaget ved Eylau.

  1. russisk Багратионовск, tysk Preußisch Eylau, litauisk Yluva eller Prūsų Ylava, polsk Pruska Iława eller Iławka

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bagrationovsk