Zersenay Tadese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zersenay Tadese

20090817 Zersenay Tadese.jpg

Statsborgarskap Eritrea
Fødd 8. februar 1982 (40 år)
Mendefera
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Breaking2

Zersenay Tadese (fødd 8. februar 1982) er ein eritreisk langdistanseløpar. Han vann bronsemedaljen i 10 000 meter under OL 2004 i Aten og sølvmedaljen på same distansen i verdsmeisterskapen 2009. Den olympiske medaljen var den aller fyrste til ein representant frå Eritrea.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tadese var ein av verdas beste milløparar i tida 2004-12. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 vart han tredjemann på 10 000-meteren, 13 og 17 sekundar bak to karar frå grannelandet Etiopia. Dei to etiopiarane, Kenenisa Bekele og Sileshi Sihine, kom dei neste sesongane til å hindre Tadese siger i baneløp ved VM og OL. Jamt måtte han nøye seg med plasseringar frå 4. til 6. plass. Einast under verdsmeisterskapen 2009 sprang han inn til medalje i milløpet. Atter ein gong måtte han sjå Bekele vinne gullmedaljen, sjølv tok han sølv, fire sekundar bak den suverene etiopiaren.

Sine aller beste langdistanseløp på både 5 000 m og 10 000 m gjorde Tadese sommaren 2006. I Roma sette han personleg rekord med 12.59,2 på halvmila, seks veker seinare presterte han i Brussel imponerande 26.37,2 på den doble distansen.

Tadese hevda seg elles framifrå i halvmaraton og i terrengløp. Såleis vann han fem gull i verdsmeisterskap i halvmaraton 2006-09 og 2012. År 2007 vart han også verdsmeister i terrengløp. Den 21. mars 2010 sette han verdsrekord med tida 58.23 då han sigra i Lisboa halvmaraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]