«Bismarck»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modell av slagskipet «Bismarck»

«Bismarck» var eit tysk slagskip. Skipet vart oppkalla etter den tyske kanslaren Otto von Bismarck. Slagskipet vart bygd på skipsverftet Blohm & Voss i Hamburg. Saman med systerskipet «Tirpitz» og Japan sitt «Yamato» var det eit av dei kraftigaste slagskipa i samtida. Skipet vart sjøsett den 14. februar 1939 og døypt av Dorothee von Loewenfeld, eit barnebarn av Otto von Bismarck. Bygginga av skipet var ein del av Tyskland si opprusting før andre verdskrigen.

Skipet si vekt var 50 000 tonn. «Bismarck» hadde eit mannskap på 2 400, ei lengd på 251 meter og kunne gå i opp til 30 knop. Det hadde åtte 15"-kanonar med ei rekkevidd på 35 000 m, 81 mindre kanonar, for det meste antiluftskyts.

Øvstkommanderande for skipet var admiral Günther Lütjens.

«Bismarck» under den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

«Bismarck» er kjent for å ha senka det britiske slagskipet HMS «Hood» utanfor Island 24. mai 1941. Etter denne senkinga sette britane inn størstedelen av heimeflåten i jakta etter «Bismarck». Samstundes var «Bismarck» på veg til tyske basar i Frankrike for reparasjon. 26. mai gjekk Fairey Swordfish-fly frå HMS «Ark Royal» til åtak. Det eine flyet fekk inn ein fulltreffar, og lukkast i å låsa «Bismarck» sitt ror. Utan fungerande ror kunne ikkje slagskipet manøvrera skikkeleg, og var tilnærma forsvarslaus mot den store flåten som samla seg. Om morgonen den 27. mai gjekk HMS «King George V», HMS «Rodney», HMS «Norfolk» og HMS «Dorsetshire» til åtak på «Bismarck». I åttiåtte minutt vart «Bismarck» treft av meir enn 300 granatar og 5 eller 6 torpedoar. Klokka 10:40 same dag sokk «Bismarck». Det er framleis usemje om «Bismarck» sitt mannskap opna botnventilane for å senka skipet. Slik kunne overtaking av skipet hindrast. Det er òg mogleg at torpedoane senka skipet. Britiske skip prøvde å plukka opp overlevande, men tilhøva var vanskeleg grunna olja i sjøen. Etter at 115 tyske sjømenn hadde vorte redda oppdaga det eine britiske skipet ein ubåt. Dei britiske skipa reiste difor frå staden. 2 091 tyske sjømenn omkom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: «Bismarck»