Árakhthos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Árakhthos (gresk Άραχθος) er ei elv aust i Ípiros i Hellas, som renn frå Píndosfjella søraust for Métsovo i periferieininga Ioánnina nær grensa til periferieininga Tríkala og gjennom fleire landsbyar som Ellinikó. Ho renn inn i periferieininga Árta og ut i Árakhthossjøen, som er eit reservoar på om lag 20 km² for å hindre flaum og som gjev vatn til det meste av Ípiros. Nær demninga ligg byen Péta. Det historiske landemerket Ártabrua, laga av stein, går over elva. Elva renn ut på ei lita sletta og inn i eit område med grassletter og myrer, omringa av gardar før ho munnar ut i Ártabukta sør for Árta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]