Ålefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ålefamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Actinopterygii | |
| Infraklasse: | Teleostei | |
| Orden: | Anguilliformes | |
| Familie: | Anguillidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anguillidae | ||
Ålefamilien (Anguillidae) er ein liten beinfiskfamilie med særs einsarta medlemmar. Han omfattar ei slekt med 15 artar, som alle er katadrome (ferskvassfisk som gyter i saltvatn), slange-liknande fisk som enklast kan skiljast ved å telja ryggvirvlar.
Dei fleste ålane heldt til i vassdrag nær vestkysten av Stillehavet, men det finst òg to artar i Atlanterhavet: Europeisk og amerikansk ål. Begge gyter i Sargassohavet.
[endre] Kjenneteikn
Fisk i ålefamilien har avlange kroppar utan skjel eller med skjela djupt nede i huda. Dei har godt utvikla brystfinner bak gjellene, men manglar bukfinner heilt. Halefinna, gattfinna og ryggfinna heng saman.
Ålane er svakt underbitte og har mange små, skarpe tenner.
[endre] Kjelder
- Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
- FishBase