Kari Traa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kari Traa
Foto: Jarle Vines

Kari Traa (fødd 28. januar 1974) er ein norsk fristilalpinist. Ho byrja med skikøyring allereie som treåring, og med fristil som sekstenåring. Traa vann sitt fyrste internasjonale skirenn i 1997, og har sida den gong vorte olympisk meister, vunne den totale verdscupen fleire gonger og vunne fleire NM-titlar.

Traa fekk nasjonal merksemd i 2001 då ho stilte opp nesten naken til ein biletserie i bladet Ultrasport under tittelen «Uten en Traa».

Traa har òg sin eigen kleskolleksjon med fargerike sportsklede. Ho starta bedrifta Kari Traa AS i 2002, og spesialiserte seg då på huer. Etter kvart omfatta kolleksjonen hennar òg T-skjorter, genserar, jakker og bukser.

Kari Traa vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2006. [1]

Saman med Egor Filipenko kom Kari til finalen i TV2s tevling «Skal vi danse» i 2011.[1]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL i Torino 2006 - Sølvmedalje (singelkøyring)
  • VM i Ruka, Finland 2005 - Sølvmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Deer Valley, USA 2003 - Gullmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Deer Valley, USA 2003 - Gullmedalje (singelkøyring)
  • OL i Salt Lake City 2002 - Gullmedalje (singelkøyring)
  • VM i Whistler, Canada 2001 - Gullmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Whistler, Canada 2001 - Gullmedalje (singelkøyring)
  • VM i Meiringen, Sveits 1999 - Sølvmedalje (parallellkøyring)
  • VM i Meiringen, Sveits 1999 - Sølvmedalje (singelkøyring)
  • OL i Nagano 1998 - Bronsemedalje (singelkøyring)

Ho har òg vunne verdscupen i fristil totalt 3 år, og har til saman 33 fyrsteplassar i verdscuprenn. I tillegg har ho teke heim 8 noregsmeisterskap.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]