Édith Piaf
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Édith Piaf, fødd Édith Giovanna Gassion, 19. desember 1915 i Paris, Frankrike, er ein av dei mest kjente franske sangerinnene nokonsinne, og hadde stor suksess i tida rundt 2. verdenskrig.
Ho vart forlatt av sin mor, og oppdratt av sin farmor som dreiv eit bordell i Normandie. Frå ho var tre til hun var sju år var ho blind. Det hevdast at ho vart kurert då ho vart teken med av bestemoras prostituerte på ei pilegrimsreise til den heilage Teresa av Lisieux. Seinare budde ho ei tid hos sin alkoholiserte far, som ho så forlot då ho var 15. Da reiste ho til Paris og byrja som gatesangerske.
I 1935 vart Édith oppdaga av nattklubbeieren Louis Leplée. Klubben var populær blant høg og låg. Han fikk ho til å syngje der, og gav ho tilnamnet La Môme Piaf (den vetle spurven), som skulle fylgje ho igjennom heile livet. Hennar fyrste plate vart produsert same år. Kort tid etter blei Leplée myrda. Piaf vart anklaga for å ha vore medvirkande, men blei frikjend. I 1940 skreiv Jean Cocteau det populære stykket Le Bel Indifférent og gjorde ho til dets stjerne. Det bidrog sterkt til hennar gjennombrot; hun kom i kontakt med og blei venn med berømtheitar som skodespelaren Maurice Chevalier og diktaren Jacques Borgeat.
Musikken hennar reflekterte det tragiske livet hennar, og spesialiteten var balladane hennar som vart framført med ei sorgtung stemme. Dei mest kjende sangane hennar er «La Vie en Rose», «Milord» og «Non, je ne regrette rien».
Édith døydde 10. oktober 1963 i Plascassier, ein forstad til Grasse, nord for Cannes. Piaf er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.
| Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |

