Ablaktasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musungar oppfostra på kattemjølk etter at mor deira døydde.
Babyar kan få annan mat frå dei er rundt seks månader gamle.

Ablaktasjon kjem frå latin og tyder om lag 'avmjølking'. Det viser til avsluttinga av amming frå ei pattedyrmor si side, og avvenning frå diing frå avkomet si side. Ved avvenning kan ein unge gå over frå morsmjølk til vanleg mat eller tilpassa føde som mos, graut eller morsmjølkerstatting. Mora på si side sluttar å produsera mjølk. Slutten av mjølkeproduksjon kan ofte gjera at hoa kan unnfanga igjen ved at han fører til brunst eller eggløysing. I husdyr kan ein ofte framskunda avvenning av ungar men fortsetja mjølking for sjølv å utnytta mjølka, eller for ikkje å tera på mordyra.

Avvenninga skjer ofte i ein prosess der den diande ungen gradvis går over til vanleg mat i takt med at mora får ein stadig minkande mjølkeproduksjon, men kan også skje som ei brå avslutting. Nokre dyr, til dømes grønlandssel, har brå avvenning som vane, men hjå andre kan død eller andre problem hjå mor eller avkom føra til plutseleg mjølkeavslutting. For å minka mjølkeproduksjon og dermed hindra mjølkespreng kan ein bruka medikament, til dømes bromokriptin, som minskar produksjonen av prolaktin.

Menneske[endre | endre wikiteksten]

Kva tid og korleis ein byrjar avvenning av småbarn varierer, og heng saman med kulturelle og sosiale faktorar. Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner det beste for helsa til mor og barn er at babyar berre får brystmjølk fram til dei er seks månader gamle. Deretter kan ein innføra mat medan ein fortset å amma, gjerne fram til ungen er to år.

Av matmengde reknar WHO med at ungar som blir amma etter eige ønske bør få rundt 130 (200) kcal per dag ved 6-8-månadsalderen, 310 (300) kcal per dag ved 9-11-månadsalderen og 580 (550) kcal per dag ved 12-23-månadsalderen (tala i parentes gjeld u-land. Forskjellane kjem av skilnader i morsmjølkinntak).

Ungar treng ikkje særskild innkjøpt barnemat, men må få mat som er tilpassa evna deira til å ta og tygga. Halvårsgamle ungar kan eta mos, puré og graut medan dei frå rundt 8 månader også ofte kan plukka opp og eta mindre matbitar sjølve. Eittåringar kan som regel eta det same som resten av familien et, bortsett frå mat dei kan setja i halsen (slik som nøtter, druer eller rå gulrot).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]