Abort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abort er avbrotet av eit svangerskap før fosteret er ferdig utvikla, slik at fosteret døyr.

Det vert skilt mellom to typar abort:

  • Naturleg abort - skjer naturleg og ofte uventa, til dømes etter ei ulukke.
    • Spontanabort er vanskeleg å definere inn i desse to kategoriane ettersom spontanabortar mellom anna kan skje på grunn av stress eller ytre vald som ikkje var meint å framkalla aborten. Mange vil difor omtale spontanabortar som naturlege abortar. Spontanabort kan ofte skje før kvinna er klar over at ho er gravid.
  • Sjølvvald abort, (Ofte omtala som kunstig eller framprovosert abort) - Abort kan framkallast kunstig ved hjelp av kjemiske stoff, kirurgi eller vald mot livmora.

I daglegtalen vert ordet abort oftast nytta om sjølvvald abort. («å ta abort»)

Syn på abort[endre | endre wikiteksten]

Abortar av begge typar kan kalle fram sterke kjensler. Medan spontanabortar stort sett fører til sorg berre hjå dei det gjeld, er kunstige abortar eit emne som har vore (og er) underlagt stor debatt i store delar av (om ikkje heile) verda.

Nokre rørsler er bygd på religiøse, kulturelle og politiske (statlege) lovverk eller grunnpilarar som forbyr sjølvvald abort. Andre rørsler meiner at det er ei kvar kvinne sitt val om ho vil bera fram eit barn eller ikkje.

Dei mest radikale abortmotstandarane reknar alle former for sjølvvald abort som regelrett barnedrap, medan dei mest radikale abortforkjemparane meiner det er eit angrep på fridomen til ei kvinne (med andre ord menneskerettane) å nekte ho kontroll over sin eigen kropp.

I alle demokratiske land der det har vorte innført eiga abortlovgjeving i moderne tid har det vore sterke og klåre grupperingar for og mot. I mange tilfelle har folk vorte drepne grunna standpunktet sitt i abortspørsmålet.

Ofte går det eit skarpt skilje i abortspørsmålet mellom radikal-konservativt religiøse grupperingar og sekulære grupperingar, men det er langt i frå ein fast regel.

Abortsyn i norsk offentlegheit og media[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er ikkje nokon av dei mest radikale synspunkta lenger dominerande i offentlegdomen og media i særleg stor grad, men det finst radikale feministiske organisasjonar og radikal-konservative kristne organisasjonar med liknande formuleringar i føremålsparagrafane sine. Det er berre på motstandarsida at det finst eigne organisasjonar som berre konsentrerer seg om abortspørsmålet. Kristne meiningsberande media, som til dømes avisa Dagen tek oftare opp abort-debatten enn det som er vanleg elles i norsk media.

I dag er det relativt stor stønad i dei fleste norske samfunnsgruppene for den abortlovgjevinga Noreg har. Ei undersøking[kva for ei?] frå februar 2005 viste at 77 % av folkesetnaden er tilhengarar av sjølvvald abort.[treng kjelde] Hausten 2013 gjorde Kristeleg Folkeparti, Framskrittspartiet og Høgre avtale om at fastlegar må få reservasjonsrett mot m.a. å måtta tilvise pasientar til abort.[1]

Medisinsk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Debatten er vorten vanskelegare i takt med at medisinen har utvikla seg til å ta vare på svært premature barn, og skiljet mellom eit abortert foster og ein for tidleg fødd baby er vorte uklårt. Den norske lova set her grensa på den 23. veka av svangerskapet, av di ein reknar at eit foster ikkje vil kunne leve utanfor mora før det her tidspunktet. Likevel har det vorte utført abortar i Noreg heilt opp til 25. svangerskapsveka.

Lovgjeving[endre | endre wikiteksten]

Historisk har abort vore ukjend, skjult eller forbode mange stader. Først på 1900-talet blei inngrepet generelt godkjend i lovverk, først i Sovjetunionen i 1920, deretter på Island i 1935.

Abortlovgjevinga varierer frå land til land, der somme tillèt det til svært seint i svangerskapet, medan andre berre tillèt det i særskilde tilfelle, som når mora er i fare. Nokre få stader er all framprovosert abort forbode.

Den norske abortlova[endre | endre wikiteksten]

Frå kvinnedagen 8. mars 2014 i Oslo: Forsvar kvinna sin rett til sjølvbestemt abort

I 1978 vart det gjort endingar i Lov om svangerskapsavbrudd som heilt klårt gav gav norske kvinner rett til å ta abort. Endringa av abortlova i -78 var kulminasjonen av ein hard og oppheita strid som hadde stått på lenge. Lova vart knappast vedteke i Stortinget med ikkje meir enn ei røyst i overvekt.

Etter lovendringa kan kvinner no sjølve avgjere om dei ønskjer å ta abort fram til den tolvte veka i svangerskapet. Etter tolvte veke i svangerskapet lyt ein søke om tillating hos ei sokalla abortnemnd. Abortnemnda kan innvilge inngrep om eitt av dei følgjande krava er oppfylt:

  1. det er fare for den fysiske eller psykiske helsa til kvinna
  2. kvinna har ein vanskeleg livssituasjon
  3. det er stor fare for sjukdom hos ungen (òg kalla eugenisk indikasjon)
  4. svangerskapet er eit resultat av valdtekt eller incest
  5. mora er psykisk sjuk eller -utviklingshemma.

Lova seier òg at «det skal legges vesentlig vekt på hvordan kvinnen selv bedømmer sin situasjon».

Etter atten veker er det ikkje tillate med abort. Lova opnar likevel for at nemnda kan innvilge inngrep om «det er særlig tungtveiende grunner for det» fram til den 23. veka i svangerskapet. Etter den veka reknar lovgjevaren (Stortinget) det som sannsynleg at eit foster kan vere levedyktig utan mora.

Om kvinna står i fare for å døy under fødselen kan abortinngrep gjennomførast på alle stadium av svangerskapet.

Norske abort-politiske grupperingar[endre | endre wikiteksten]

Partiet SV har programfesta at dei ynskjer fri abort fram til sekstande veka, noko som er i samsvar med krava åt organisasjonar som Kvinnefronten og Kvinnegruppa Ottar. Partiet Raudt har programfesta eit ynskje om sjølvbestemt abort fram til attande veka. I Noreg er det organisasjonen Menneskeverd som frontar kampen mot fri abort.

Sambandsstatane og Irland[endre | endre wikiteksten]

Medan debatten ikkje er særleg dominerande i norsk media lenger, er det framleis sterke kløyvingar i nokre av dei dominerande politiske miljøa i andre land om det bør vere lovleg å framprovosere ein abort.

I USA vart sjølvvald abort innført i 1973 med ei høgsterettsavgjerd i den sokalla «Roe vs. Wade»-saka. Høgsterett slo fast at lover som forbaud abort braut med den grunnlovsfeste retten til privatliv. I teorien gav Høgsterett høve til å innføra restriksjonar på abortar utførte i andre eller tredje trimester, men i praksis har alle seinare lovendringar som set avgrensingar på abort vorte avviste av retten som ukonstitusjonelle. Dersom pasienten klarar å finna ein lækjar som er viljug til å gjera inngrepet, er det juridisk sett inga grense for kor langt ut i svangerskapet ein kan taka abort. I USA vert det gjennomsnittlege teke 1,5 millionar framprovoserte abortar i året, og om lag 1 % av desse vert utførte etter den 21. svangerskapsveka. I Noreg er det ikkje lov å taka abort etter 23. svangerskapsveka med mindre livet åt mora er i akutt fåre (Les meir om Den norske abortlova).

Medan Høgsterett i USA ser på retten til abort som heimla i grunnlova, er stoda den motsette i Irland. Her vart det i 1983, etter ei folkerøysting om saka, lagt inn eit tillegg til grunnlova som slo fast "the right to life of the unborn, with due regard to the equal right to life of the mother'". I 1992 slo Høgsterett i Irland fast at eit 14 år gamalt valdtektsoffer kunne fara utanlands og taka abort av di det elles var fare for at ho kom til å taka sitt eige liv.

Årsaker til abort[endre | endre wikiteksten]

Naturlege årsaker[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange grunnar til at spontanabortar hender, mange av dei ukjende. Det er kjent at nokre kvinner har større sjanse for å abortera, og at denne aukar jo eldre dei vert. Feil i utviklinga til fosteret, til dømes i talet på kromosom, kan føra til abort. Spontanabortar kan òg skje på grunn av ytre faktorar, som svolt: Dersom mora ikkje har nok mat til seg sjølv, vil ho i alle fall ikkje ha nok mat til å fø eit barn.

I nokre artar er spontanabortar ein velutvikla overlevingsmekanisme: Hjå dei høgproduktive kaninane kan til dømes hoa ta opp fostera i kroppen igjen dersom ho føler seg svært truga. Ho unngår dermed å føda ungar i ein sårbar situasjon, og får tilbake all næringa ho har brukt på dei.

Framprovosert svangerskapsavbrot[endre | endre wikiteksten]

Kunstig abort kan verte utført på grunn av fare for mora eller ungen si helse under den kommande fødselen, fordi det er feil eller misdanningar ved fosteret, eller på grunn av sjukdom hos fosteret. Eit abortinngrep kan òg vere utført etter at kvinna har vorte utsett for valdtekt eller andre overgrep eller at kvinna har ein særs vanskeleg livssituasjon.

Kunstige abortinngrep kan òg verte gjennomført fordi fosteret ikkje fyller forskjellige krav foreldra har til det (eit døme på dette er kjønnsbestemt abort). Abort vert òg nytta som ei form for nødprevensjon etter samleie der det ikkje vart nytta prevensjon, eller prevensjonsmidla ikkje virka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Noregs Kristelege Legeforeining om abort

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svendsen, Christine; Honningsøy, Kirsti Haga. Dette punktet nektet Venstre å skrive under på. NRK.