Abramtsevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abramtsevo
Абрамцево
landsby
Trehus i Abramtsevo
Land  Russland
Folketal 209 (2010)[1]
Kart
Abramtsevo
56°13′24″N 37°58′04″E / 56.223333333333°N 37.967777777778°E / 56.223333333333; 37.967777777778
Wikimedia Commons: Abramtsevo

Abramtsevo er ein landsby i Russland, i Moskva oblast nær byen Khotkovo. Landsbyen er kjend for sine kunstnarkoloniar. Han har 235 innbyggjarar (2005).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1843 kjøpte forfattaren Sergej Aksakov ein eigedom på staden, og her samla han kunstnarar om seg. Mellom dei kunstnarane som på den tid verka i Abramtsevo, var Nikolaj Gogol, Ivan Turgenjev og Fjodor Tjuttsjev.

I 1870, elleve år etter Aksakov døydde, erverva kunstmesenen Savva Mamontov eigedomen. Han inviterte liberalt og demokratisk sinna målarar, arkitektar, skodespelarar, komponistar, songarar og kunstnarar til Abramtsevo. Kunstnarkolonien der danna ein motpol mot St. Petersburgs kunstkademi, som stengde ute nye straumdrag i kunsten.

I tida frå 1870 til 1885 vart det reist mange bygg i gammalslavisk stil i Abramtsevo, som mange er haldne vedlike og gjer staden til eit ynda utfluktsmål. Banjaen Teremok og eventyrhuset og kyrkja som er bygde etter planar laga av Viktor Vasnjetsov stammar frå den tida. Mellom dei mange kunstmålarane som arbeidde på Abramtsevo i denne perioden var Mikhail Vrubel, Ilja Repin, Vasilij Polenov, Konstantin Korovin og Valentin Serov.

Rundt hundreårsskiftet 1900 vart det sett opp skodespel og operaer med tema frå russisk folkekultur, rett ofte i nyskapande drakt. Mellom anna musikkverk av Nikolaj Rimskij-Korsakov og oppsetjingar av Konstantin Stanislavskij.

Dei viktigaste kunstrørslene som var representert i Abramstevo var peredvizjnikij, impresjonismen og føregjengarane til den ekspressive symbolismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]