Savva Mamontov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilja Repin: Portrett av Savva Mamontov, 1880

Savva Ivanovitsj Mamontov (russisk:Са́вва Ива́нович Ма́монтов) (15. oktober 18416. april 1918) var ein kjend russisk industrigründer, forretningsmann, entreprenør og kunstmesen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mamontov var fødd i Jalutorovsk i dagens Tjumen oblast. Far hans var kjøpmann og industrieigar. I 1841, same året som Savva vart fødd, busette familien seg i Moskva. Frå 1852 studerte han i St. Petersburg, og seinare på universitet i Moskva. I 1864 budde han i Italia, der han tok læretimar i song.

År 1869 vart Mamontov styreformann for Moskva-Jaroslavl-jarnbanen. Han var også involvert i bygginga av Donetsk-jarnbanen frå 1876 til 1882.

Mamontov kjøpte i 1870 godset Abramtsevo nord for Moskva, og grunnla der ei kunstnarforeining som omfatta størsteparten av dei fremste russiske kunstnarane i dei siste tiåra av 1800-talet, slike som Konstantin Korovin, Rafail Levitskij, Mikhail Nesterov, Ilja Repin, Vasilij Polenov, Valentin Serov, Mikhail Vrubel, Vasnjetsov-brørne, Viktor Hartmann og Mark Antokolskij. Kunstnarkolonien som heldt til der i 1870- og 1880-åra søkte å gjenskape ånda i russisk mellomalderkunst. Fleire arbeidsstover vart bygt og der ein handlaga møblar, kjeramikkflisar, og silkevarer metta med tema henta frå russisk tradisjon.

Mamontov støtta også den private russiske operaen, som mellom anna bringa fram den store russiske bassongaren Fjodor Sjaljapin, og gav midlar til russiske operakomponisstar som Pjotr Tsjajkovskij, Nikolaj Rimskij-Korsakov, Aleksandr Borodin, Modest Mussorgskij og mange andre. Drama og operaer basert på russisk folklore, som til dømes Rimskij-Korsakovs Snøjenta vart oppsett i Abramtsevo av Konstantin Stanislavskij, med kulissar forma av Vasnjetsov-brørne, Mikhail Vrubel og andre framifrå målarar. 'Den russiske privatoperaen' var Mamontovs viktigaste tilskot til russisk kunstliv. Mamontov var både teaterleiar, dirigent og songlærar.

I 1899 vart Mamontov arrestert og påklaga for underslag i samband med bygginga av jarnbanen til Jaroslavl. Han vart i 1900 dømt, og spela sidan inga rolle i russisk næringsliv og kulturliv.

Han døydde i Moskva i 1918.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Savva Mamontov