Adelsö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adelsöns nordre odde, "Horn", sumaren 2007.
Knusta fornminneområde.

Adelsö, som i gamal tid heitte Alsnu, er ei øy i austre parten av innsjøen Mälaren i Sverige, og ligg i Ekerö kommune. Øya er om lag ti kilometer lang og mellom to og fire kilometer brei, og er kjend for arkeologiske funn og fornminne.

Allereie i steinalderen har det vore menneske på Adelsö, slik arkeologiske funn vitnar om. Då var Adelsö berre nokre småøyar og skjer i ei vik av sjølve Austersjøen. Landhevinga etter siste istid gjorde at øya fekk si noverande storleik i det som vart til innsjøen Mälaren.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Adelsö ligg i Södra- og Norra Björkfjärden. Landskapet er småkupert, berg og moreneåsar med barskog vekslar med åkrar, enger og lauvskogsområde, fyrst og fremst eikeskog. Høgste punktet er Kunsta berg med sine 53,2 meter over havet. På Kunsta berg er det sett opp eit tårn som gjev milevidt utsyn over Mälaren. På nordre parten av øya slynger ein 14 kilometer lang vandringssti seg gjennom gamalt jordbruksmiljø med småbruk (torp) som er teke godt vare på, og område med fornminne frå fyrst og fremst yngre jarnalder. Dyrelivet er mangearta og kan by på mellom anna elg, rådyr, villsvin, rev og mink.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Adelsö har om lag 750 faste innbuarar, eit tal som har vore etter måten stabilt i fleire hundre år. Dei fleste har no arbeid i Stockholm og reiser fram og attende kvar dag, men jordbruket vert òg halde i hevd i stor mon, og øya har jamvel eit par aktive yrkesfiskarar.

Fornminne på Adelsö[endre | endre wikiteksten]

Naust ved Hovgården: mellom dei raude linene er det ei 3 - 4 meter brei båtränna (båtstø) i markoverflata.
Borgen Skansberget på Adelsön sett mot nord.
Runesteinen «Håkanstenen».
  • Spor ved Hovgården etter naust frå vikingtida, såkalla båtrännor (båtstøer). Dei er laga i strandlina i vikingtida for å dra på land skip eller båtar. Då landhevinga etter istida har ført til at nivået på vassflata i Mälaren er lågare no i høve til øya enn i vikingtida, ligg desse båtstøene inne på land i dag.
  • Skansbergets fornborg er restar etter ein gamal bygdeborg som er 110 x 80 meter stor og ligg på toppen av eit etter måten stort berg i vest på den midterste parten av øya, rett sør for Stentorp. Frå borgen har ein utsyn over Hovgårdsfjärden, Svinsund og nordre og søndre Björkfjärden. Borgområdet er eit jamt bergplatå på 50 x 30 meter med særs kraftige natursteinsmurar ikring på alle kantar med unntak mot eit bratt stup mot aust. Murene er 5 - 10 meter breie og 1,3 meter høge. Inngangen til borgen er ein 3- 5 meter brei veg som er verna av ein 30 meter lang, 5 meter brei og 0,5 til 1 meter høg steinmur. På ein terrasse under stupet i aust ligg det ein rasert steinvoll som er om lag 35 meter lang, 7 - 8 meter brei og 0,4-0,75 meter høg. Då borgen var i bruk, har murane truleg vore supplert med palisadar eller andre konstruksjonar i tre. Ei mindre arkeologisk utgraving vart gjort i 1916, men det vart ikkje funne anna enn nokre skår av keramikkar som har vore vanleg i yngre jarnalder. Dette kan tyde på at borgen var i bruk på denne tida, men han kan likevel ha vore bygd langt tidlegare.
  • Adelsö 11:1, ein annan fornborg som ligg på ein bergtopp som stuper bratt ned mot Mälaren i vest og vestsørvest på det sørvestre hjørnet av øya. Borgen er om lag 95 x 95 meter stor , med ein 5 meter lang, 1,5 meter brei og 0,4 til 1,2 meter høg steinvoll i aust og søraust. Mot nord, nordaust og i sør stupar berget bratt ned mot dei markane som her omgjev borgen.
  • Hovgården
  • Håkanstenen, ein runestein med teksten: «Rað þu runaR. Rett let rista ToliR bryti i roði kunungi. ToliR ok Gylla letu ris[ta] ..., þaun hion æftiR [si]k(?) mærki ... Hakon bað rista.», som tyder: «Tyd du runorna! Rätt lät Tolir, bryte i Roden, rista dem åt konungen. Tolir och Gyla lät rista (dessa runor) båda makarna efter sig till minnesvård ... Håkon bjöd rista.» (Upplands runinskrifter 11)
  • Kunsta, ein buplass frå folkevandringstida. I området ligg eit gravfelt med fleir enn hundre graver.
  • I nærleiken av Grindby ligg ein stor konsentrasjon av fornminne frå bronsealderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]