Adolph Tidemand
| Adolph Tidemand | |
Sjølportrett frå 1838 |
|
| Fødd | 14. august 1814 Mandal |
| Død | 8. august 1876 (61 år) Kristiania |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Felt | Kunstmålar |
| Utdanning | Det Kongelige Danske Kunstakademi og Kunstakademiet i Düsseldorf |
| Kjende verk | Brudeferd i Hardanger Haugianerne |
Adolph Tidemand (fødd 14. august 1814 i Mandal, død 8. august 1876 i Kristiania) var ein norsk kunstmålar og sentral kunstnar i nasjonalromantikken i Noreg.[1] Mellom dei mest kjende måleria hans finn ein Haugianerne som han måla i fleire utgåver frå 1848 til 1865.[2] Eit anna er Brudeferd i Hardanger som han laga saman med Hans Gude.
Teikningane han utførde av norske folkedrakter har òg stor kunstnerisk og kulturell betydning. Draktteikningane spenn over eit tidsrom på nærare 30 år; frå kunstnarens fyste studiereise i 1843 til den siste i 1874 og utgjer til saman rundt 150 teikningar og arbeid i olje.[3]Draktteikningane tilhøyrer Nasjonalgalleriet og er ein del av i basisutstillinga Livets dans. Museet fekk samlinga som testamentarisk gåve i 1882 og den inneheld både skissebøker, teikningar, akvarellar og oljemåleri.[4]
Innhaldsliste |
Bakgrunn og utdanning [endre]
Tidemand var son av tollinspektør og stortingsrepresentant Christen Tidemand og Johanne Henriette Henrikke Haste, som var dansk.[1] Tilknyttinga til Danmark var med på å avgjera kor han skulle utdanna seg og han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i 1832-1837. Her hadde han J.L. Lund og Christoffer Wilhelm Eckersberg som lærarar.[5]
På Akademiet måla han landskaper saman med Dankvart Dreyer og Friedrich Ernst Wolperding og stilte ut på Charlottenborgs Forårsutstillinger i 1835-1837. Tidemand konkurrerte om og vann den vesle sølvmedaljen i 1835, den store året etter og konkurrerte om den vesle gullmedaljen i 1837 men vann han ikkje.[5]
Han reiste til Düsseldorf for å utdanna seg vidare ved akademiet der og fekk Theodor Hildebrandt som lærar. Allereie i 1841 vakte han oppsikt med måleriet Gustav Vasa taler til dalkarene i Mora kirke. Det vart kjøpt av ei kunstforeining og pengane sette han i stand til å reise til München og seinare Roma.[1]
Sumaren 1842 vende Tidemand heim til Noreg med planar om å slå seg ned for godt. Men etter ei langvarig strid om bestillinga på altartavla i Vår Frelsers kyrkje - Oslo domkyrkje, mista han moglegheita til å slå seg ned som målar i heimlandet.[1]Året etter drog han på si fyste av mange reiser rundt i Sør-Noreg, studerte folkedrakter og samla på forteljingar. I 1844 var han med på å skipa Fortidsminneforeningen og han sat i det fyste styret.
Tidemand slo seg ned i Dusseldorf i 1845 og budde her resten av livet.
Familie og barn [endre]
Tidemand gifta seg med barndomsvenninna Claudine Marie Bergitte Jæger (1817–1887) i 1845. Saman fekk dei sonen Adolph. Da sonen døydde 28 år gamal i 1874, knekte det faren.[1]
Utmerkingar [endre]
I 1849 fekk Tidemand St. Olavs Orden, han fekk den franske Æreslegion i 1855 og den svenske Nordstjerneorden i 1866.
Nokre verk [endre]
- 1841 – Gustav Vasa taler til dalkarlene i Mora kirke
- 1844 – Eventyrfortellersken
- 1845 – Søndagskveld i en røykstue i Hardanger
- 1846 – Norsk juleskikk
- 1848 – Brudeferd i Hardanger (sammen med Hans Gude)
- 1848 – Signe Halvorsdatter Valle i Sætersdalen
- 1848 – Haugianerne»
- 1849 – De ensomme gamle (og kjend som Husandakt)
- 1849 – Ingeborg Andersdatter Gulsvik, Flå, som brud
- 1851 – Aften på Krøderen (saman med Hans Gude)
- 1852 – serien Bondeliv i Oscarshall
- 1853 – Likferd på Sognefjorden (med Hans Gude)
- 1854 – Den foreldreløse
- 1859 – Fiskere i havsnød (med Hans Gude)
- 1865 – Bestefaderens erindringer
- 1865 – Bestemors brudekrone
- 1865 – Fanatikerne
- 1874 – Syneve
- 1874 – Nød
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Adolph Tidemand i Norsk biografisk leksikon
- ↑ Marit Lande: På Adolph Tidemands tid. Ursus forlag, 2004. ISBN 82-996758-1-2
- ↑ Aagot Noss, side 14 f.f.
- ↑ Aagot Noss, forord
- ↑ 5,0 5,1 Adolph Tidemand på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
Litteratur [endre]
- Aagot Noss: Adolph Tidemand og folk han møtte, Universitetsforlaget og Norsk folkemuseum 1981, ISBN 82-00-05712-7