Agrínio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agrínio
Lokalt namn: Αγρίνιο
Utsyn over Agrínio
Utsyn over Agrínio
Geografi
2011 Dimos Agriniou.png
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°37′N 21°24′EKoordinatar: 38°37′N 21°24′E
Areal 1 246,7 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Vest-Hellas
Etoloakarnanía
Hovudsete Agrínio (46 899 innb.)
Demografi
Folketal 94 181 (2011[1])
Folketettleik 76,6 /km²

Agrínio (gresk Αγρίνιο, eldre form Agrinion, latinsk Agrinium) er ein kommune og ein by i periferieininga Etoloakarnanía i Vest-Hellas i Hellas, den største byen i periferieininga.

Busetnaden i Agrínio går tilbake til antikken. Antikkens Agrínio låg 3 km nordaust for dagens by. Nokre murar og grunnmurar er grave ut i nyare tid. I mellomalderen og fram til 1925 vart området kalla Vrakhóri (Βραχώρι).

Store delar av innbyggjarane var ei stund tobakksbønder på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei ti tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Agrínio, no kommunaleininga Agrínio

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje gresk mytologi vart byen bygd av kong Agrios, Thestievs sin son. Han vart øydelagd av Kassander i 314 fvt.

I perioden under Det osmanske riket var området stort sett busett av tyrkarar. I 1585 vart byen forlatt under opprøret til Theodoros Migas. På byrjinga av 1700-talet vart han administrativt senter for Etoloakarnanía (då som eit sanjak kalla Karleli). Byen var delaktig i den greske sjølvstendekrigen. Han vart mellombels frigjort 11. juni 1821 og vart ein permanent del av Hellas i 1830 etter Konstantinopeltrakataten.

Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange innbyggjarar frå Vesleasia til byen.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Agrínio Agrínio 46 899
Ájos Konstandínos Agrínio 6 534
Panetóli Thestiís 2 935
Kenoúrjo Thestiís 2 790
Lepenoú Strátos 2 090
Dokími Agrínio 1 664
Triandéika Neápoli 1 484
Neápoli Neápoli 1 442
Megáli Khóra Neápoli 1 408
Matarága Arákynthos 1 344
Angelókastro Angelókastro 1 220
Paravóla Paravóla 1 118
Pappadátes Arákynthos 1 077
Gavaloú Makrynía 1 018
Strátos Strátos 979
Kalývia Agrínio 965
Grammatikoú Arákynthos 802
Zevgaráki Arákynthos 781
Néa Avórani Thestiís 751
Kamaroúla Agrínio 595
Káto Makrinoú Makrynía 580
Ájos Andréas Makrynía 574
Spoláita Neápoli 548
Pandanássa Paravóla 531
Ókhthia Strátos 506

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]