Vest-Hellas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vest-Hellas Δυτική Ελλάδα |
|
|---|---|
![]() |
|
| Land: | Hellas |
| Hovudstad: | Pátra |
| Periferieiningar: | Etoloakarnanía Akhaía Ilía |
| Folketal: | 753 267 (2005) |
| Areal: | 11 350 km² |
| Folketettleik: | 66 /km² |
| Heimeside: | www.westerngreece.gr |
Vest-Hellas (gresk Δυτική Ελλάδα, Dytikí Elláda) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han omfattar dei tidlegare prefektura Akhaía, Etoloakarnanía og Ilía.
Periferien ligg på begge sider av den vestlege delen av Korintbukta. Hovudstaden i Vest-Hellas er Pátra.
[endre] Periferieiningar og kommunar
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Vest-Hellas delt inn i tre periferieiningar som omfattar 19 kommunar.
| Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
|---|---|---|
| Etoloakarnanía | 223 188 | Áktio-Vónitsa, Amfilokhía, Xirómero, Mesolóngi, Agrínio, Thérmo, Navpaktía |
| Akhaía | 331 316 | Vest-Akhaía, Pátra, Erýmanthos, Ejália, Kalávryta |
| Ilía | 198 763 | Andravída-Kyllíni, Piniós, Pýrgos, Ílida, Antikke Olympía, Andrítsena-Kréstena, Zakháro |
[endre] Klima
Vest-Hellas har eit typisk middelhavsklima med varme somrar og milde vintrar. Soldagar dominerer om sommaren ved kysten, medan fjellområda kan få noko meir skya vêr og regn. Snø er vanleg om vinteren i fjella Erýmanthos, Panakhaikó og Aroánia. Om vinteren ligg temperaturen på dagtid omkring 10 °C i lågtliggande område.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen West Greece frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
| Attikí • Sentral-Hellas • Sentral-Makedonía • Kreta • Aust-Makedonía og Thráki • Ípiros • Dei joniske øyane • Dei nordlege egeiske øyane • Peloponnes • Dei sørlege egeiske øyane • Thessalía • Vest-Hellas • Vest-Makedonía Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia) |
||
