Aichi
Aichi er eit prefektur i Chūburegionen på øya Honshu i Japan. Hovudstaden i Aichi er Nagoya, og det er elles 34 andre byar i prefekturet.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Opphavleg var Aichi delt opp i tre område, Owari, Mikawa og Ho, men gjennom fleire samanslåingar vart det til det som i dag er Aichi prefektur. Aichi fekk sin noverande storleik og form i 1872. Ogso inndelinga innanfor Aichi har vore gjennom fleire endringar, og har gått frå oppimot 3 000 byar og tettstadar, til 61 kommunar frå 2003.
Geografi [endre]
Aichi preferktur ligg om lag halvveges ned Honshu-øya. Kystlina inneheld Isebukta og Mikawabukta. Aichi dannar ein stor del av Nobisletta, vest til Kisoelva. Yahagielva renn gjennom det sentrale Aichi, og i aust er det meir skogkledd. Høgaste punkt er Chausuyama, 1415 moh. Aichi grensar til prefektura Nagano, Shizuoka, Gifu og Mie.
Demografi [endre]
Aichi har eit folketal på 7 296 527 (2006), og er soleis det fjerde største prefekturet etter folketal. Nagoya i vest er den fjerde største byen i Japan. Områda i aust er mindre tettbygde, men ogso her er det fleire store industriområde, og Aichi hadde den høgaste folketalsvoksteren i 2007, foran Tokyo.
Industri [endre]
Aichi er det tyngst industrielle prefekturet i Japan, og er mellom anna hovudsete for Toyota Motor Corporation, verdas største bilprodusent, i byen Toyota. Andre store selskap som har fabrikkar i prefekturet er Daimler Chrysler, Fuji Heavy Industries, Mitsubishi Motors, Pfizer, Sony, Suzuki, og Volkswagen.
Kjelder [endre]
- Artikkelen om Aichi på Wikipedia på engelsk
- Den offisielle heimesida for Aichi prefektur
|
|
|
|---|---|
| Hokkaido | Hokkaido |
| Tōhoku | Akita · Aomori · Fukushima · Iwate · Miyagi · Yamagata |
| Kantō | Chiba · Gunma · Ibaraki · Kanagawa · Saitama · Tochigi · Tokyo |
| Chūbu | Aichi · Fukui · Gifu · Ishikawa · Nagano · Niigata · Shizuoka · Toyama · Yamanashi |
| Kansai | Hyōgo · Kyoto · Mie · Nara · Osaka · Shiga · Wakayama |
| Chugoku | Hiroshima · Okayama · Shimane · Tottori · Yamaguchi |
| Shikoku | Ehime · Kagawa · Kōchi · Tokushima |
| Kyushu | Fukuoka · Kagoshima · Kumamoto · Miyazaki · Nagasaki · Ōita · Saga · Okinawa |