Shikoku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shikoku
四国
region
Land  Japan
Del av Japan-arkipelet, de fire hovedøyene
Høgd 1 982 m
Areal 18 297,32 km²
Folketal 3 845 534 (2015)
Kart
Shikoku
33°45′N 133°30′E / 33.75°N 133.5°E / 33.75; 133.5
Wikimedia Commons: Shikoku

Shikoku (四国 Shikoku) er den minste av dei fire hovudøyane i Japan, både når det gjeld areal og folketal. Ho ligg sør for Honshu og aust for Kyushu, med Setosjøen imellom. I sør har ho kyst mot Stillehavet. Ho er også ein tradisjonell japansk region, og omfattar prefektura Ehime, Kagawa, Kochi og Tokushima. Den største byen på øya er Matsuyama, so har rundt ein halv million innbyggjarar. I 2015 budde det rundt 3,8 millionar menneske på øya.

«Shikoku» tyder 'fire provinsar', og viser til dei fire tidlegare provinsane ho var delt inn i, Awa, Tosa, Sanuki og Iyo. Tidlegare namn på øya er Iyo-no-futana-shima (伊予之二名島), Iyo-shima (伊予島) og Futana-shima (二名島).

Fjell og skog på Shikoku.

Shikoku er berglendt og har mykje skog. Det blir drive terassejordbruk i fjellskråningane, og ein dyrkar mellom anna ris, kveite, tobakk, soyabønner og mandarinar her. Det blir også drive fiske og saltutvinning.

Øya har fleire brusamband med Honshu, mellom anna verdas største hengebru, Akashi Kaikyo-brua, Minami Bisan–Seto-brua og Tatara-brua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Shikoku