Aki Parviainen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aki Uolevi Parviainen, (fødd 26. oktober 1974) i Helsingfors i Finland, er ein tidlegare finsk friidrettsutøvar, verdsmeister i spydkast i Sevilla 1999.
Parviainen utmerkte seg som spydkastar allereie i junioralderen. I åra 1991 og -92 vann han fyrst bronse og deretter gull i europameisterskap for juniorar. Som senior vart han finsk meister seks år på rad, 1998-2003. I seks verdsmeisterskap på rad (1995-2005) plasserte han seg mellom dei ni beste, med gull i 1999 og sølv i 2001 som dei fremste prestasjonane. I OL 2000 kom han på femteplass, medan han i EM-samanheng oppnådde ein niandeplass i 1998 og ein åttandeplass i 2002 som best.
Hans aller lengste kast kom i 1999, då han i Kuortane slengde spydet 93,09 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap [endre]
- VM 1995 Göteborg, 9. plass (79,58 m)
- VM 1997 Athen, 8. plass (82,80 m)
- EM 1998 Budapest, 9. plass (82,30 m)
- VM 1999 Sevilla, gull (89,52 meter)
- Sommar-OL 2000 Sydney, 5. plass (86,62 m)
- VM 2001 Edmonton, sølv (91,31 m)
- EM 2002 München, 8. plass (78,92 m)
- VM 2003 Paris, 5. plass (83,05 m)
- VM 2005 Helsinki, 9. plass (74,86 m)
Medaljar i finske meisterskap [endre]
- Gull: 1998 (86,54), 1999 (87,55), 2000 (84,29), 2001 (83,51), 2002 (82,48), 2003 (82,91)
- Bronse: 1995 (85,60), 1997 (81,04)
Personlege rekordar og årsbeste [endre]
- 1991 79,96 Pyhäselkä 12.9.
- 1992 80,94 Jyväskylä 5.7.
- 1994 78,76 Pihtipudas 17.7.
- 1995 85,60 Lapua 23.7.
- 1996 84,96 Hämeenlinna 10.8.
- 1997 87,48 Soini 27.7.
- 1998 90,88 Tartu 11.6.
- 1999 93,09 Kuortane 26.6.
- 2000 90,97 Kuortane 24.6.
- 2001 92,41 Vaasa 24.6.
- 2002 82,48 Joensuu 21.7.
- 2003 83,30 Joensuu 11.6.
- 2004 79,32 Bad Köstritz 5.9.
- 2005 83,79 Doha 13.5.